Fastetida har alltid vore eit viktig høve til fordjuping i den kristne trua. Denne kvelden i Ørsta kyrkje vil kyrkjelydsprest Kristian Myklebust ta oss med inn i tekstane om påskedagen, og vise korleis trua på Jesu oppstode formar og pregar kyrkja heilt frå byrjinga. Kva betyr eigentleg den tome grava? Kva er det vi seier når vi seier at "Jesus har stått opp"? Kvar har dette å seie for livet vårt, her og no?
Etter temakvelden inviterer Ørsta sokneråd til kveldsmat i kyrkjekjellaren. Vel møtt til undervisning og felleskap om eit heilt sentralt tema i trua.