Ørsta kyrkjelege fellesråd

Ørsta kyrkjelege fellesråd har to representantar frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta sokn. Ørsta kommune og Møre biskop oppnemner også ein representant kvar til fellesrådet. Gjennom fellesrådet samarbeider dei tre sokna i kommunen om mange viktige oppgåver, ikkje minst knytt til drift og vedlikehald av kyrkjebygg, og som arbeidsgjevar for mange av dei kyrkjeleg tilsette.

Kart over Ørsta kommune Bilete: snl.no

Fellesrådet sine oppgåver

Kyrkjeordninga § 17 gir desse konkrete oppgåvene til fellesrådet:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjeinventar og gravplassar. 
  • Framskaffing og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Framskaffing av lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring, også tilrettelegging for funksjonshemma
  • Forvaltning av arbeidsgivaransvaret gjennom å 
    • opprette/nedleggje stillingar
    • tilsette/seie opp arbeidstakarar
    • ivareta partsansvar (inngå og seie opp tariffavtalar)
    • ledelse og arbeidsmiljø
    • utøve styringsrett over felles ressursar. 
  • Forvaltninga av den felles økonomien
    • midlar frå kommunen
    • midlar/tilskot frå staten
    • tilskot frå bispedømerådet
    • midlar som sokneråda overlet til fellesrådet
    • inntekter og formue knytta til fond gaver, arv mv til kirkebygg, stillingar osb. 
  • Administrativ hjelp for prosten når staten gir tilskot til det

Du kan lese meir om fellesrådet sine oppgåver på Den norske kyrkja sine nettsider.

Medlemmer i Ørsta kyrkjelege fellesråd

Anders Digernes, leiar

Kristine Aasen Tingvoll, nestleiar

Kari Ellen Vartdal

Kirsten Ose

Audun Moe

Ole Arne Aklestad

Arne Moltubak, geistleg representant

Tove Halse Digernes, Ørsta kommune sin representant

 

Varamedlemmer:

Ragnhild Aasen

Astrid Elisabeth Vartdal De-Laer

Astrid Kristin Øyehaug Moe

Gunnhild Hustadnes Myrhol

Svein Vatne

Inger Olaug Øye Walseth

 

Kyrkjeverje Jørn Velle er dagleg leiar og sekretær for fellesrådet

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"