Presentasjon av stilling:
60% stilling med snarleg tilsetjing.
Teneste i Ørsta fellesrådsområde med kontorfelleskap i Ørsta sentrum saman med resten av kyrkjestaben.
Ørsta kyrkjelege fellesråd har ansvar for tre kyrkjesokn i søre Sunnmøre prosti: Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta. Fellesrådet har 10 tilsette, i tillegg til to prestar med teneste i fellesrådsområdet. Kyrkjeadministrasjonen med kontor ligg i Ørsta sentrum.
Ørsta kommune ligg midt mellom Sunnmørsalpane i Møre og Romsdal fylke. Med fjordar, dalar og bratte fjell ligg det til rette for eit allsidig og variert friluftsliv heile året. Kommunen har om lag 11 000 innbyggarar, der om lag 7000 bur i kommunesenteret Ørsta. Kommunen har eit allsidig næringsliv, med jordbruk, fiske, industri og handel. Ørsta og Volda med til saman 20.000 innbyggarar blir rekna for den fjerde byen i fylket, og kan tilby ma. vidaregåande skular, høgskule, sjukehus, kjøpesenter, regional lufthamn med fleire daglege avgangar til Sogndal/Bergen og Oslo, mm. Området har eit rikt kulturliv med mange tilbod til alle aldersgrupper. I Hovdebygda finn ein òg nasjonalt senter for nynorsk språk og skriftkultur, Ivar Aasen-tunet.
Arbeidsoppgåver:
Gjennomføring av trusopplæringstiltak i samarbeid med kateket og prestar.
Planlegge, organisere og gjennomføre konfirmantundervisning i samarbeid med kateket.
Videreutvikle sokna sitt arbeid for og med barn og ungdom.
Vi tilbyr:
Vi kan tilby eit godt arbeidsfellesskap saman med lønna og ulønna medarbeidarar, engasjerte sokneråd og samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen.
Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.
Ønska kvalifikasjonar:
Kristendomsfagleg og pedagogisk utdanning, men personlege eigenskapar og relevant erfaring vert også vurdert.
Erfaring frå barne og ungdomsarbeid
Må ha førarkort og disponere eigen bil
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
Vi ynskjer ein initiativrik og allsidig medarbeidar med god evne til å organisere, og evne til å kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Må ha evne til å kunne kommunisere med barn og unge, vere ryddig, strukturert og ha god arbeidskapasitet. Gode IT-kunnskapar og kompetanse på bruk av moderne kommunikasjonsplatformer vil vere ein fordel.
Må ha evne til å kunne inspirere og formidle ei levande kristen tru
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Politiattest må kunne leggast fram, jfr kyrkjelova § 29.
Kontaktperson:
Kyrkjeverje Jørn Velle
Tlf. 901 50 616
Epost: jorn.velle@orsta.kyrkja.no
Type stilling
Fast 60% stilling
Arbeidsstad:
Ørsta, Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 31.10.2024