"Han er ikkje her!"
Det var i daggryet at det hende det som var meir enn nokon kunne håpe på. Tre kvinner er på veg til ei grav, akkurat då den nye dagen er i ferd med å bryte fram rundt dei. Inni seg er dei mørke; dei har sett han dei trudde var lyset i verda bli sløkt ut, rett framfor augene sine. Mørket overvelda dei i det Jesus vart spikra til krossen. No skal dei vise han den siste æra, gjere ei kjærleikshandling som får vere deira siste helsing.
Så kjem ei av dei på det, like før dei kjem til gravhagen: «Kva med steinen?» Det ligg jo ein stor stein mellom dei og Jesu kropp. Då ser dei det: Steinen er borte. Dei ser det, men dei ser det utan å verkeleg sjå; augene deira er fulle av tårer, kroppen er tung av berre sorg, hovudet og hjartet greier ikkje å ta inn meir no. Så går dei inn i grava, og seinare skulle dei forstå at det var då livet deira vart forandra. Dei ser ein ung mann- eller ein engel, eller var det to?- det hugsar dei ikkje heilt, men det viktige hugsar dei; orda, som om frå ei anna verd: Han har stått opp, han er ikkje her!
Korleis skal ein reagere på det utrulege?
Korleis skal ein reagere på det utrulege? Kva skal ein gjere når ein ser og ser, og likevel ikkje kan tru kva det er som har skjedd? Kva skjer når ein anar at det tette mørket likevel ikkje er det siste, slik ein var sikker på? Korleis tek ein i mot det som skaper eit lite håp om det utenkelege, når det likevel er for tidleg, for merkeleg, for utenkjeleg, til at ein klarer å skjøne noko som helst?
«Då gjekk dei ut at og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde»
Slik var den første, spontane og naturlege reaksjonen på det vi kallar oppstoda, på den hendinga som er så stor at vi framleis ikkje skjønar henne fullt ut. Det grensesprengande som gjer det mogleg å tru: Jesus Kristus er midt i blant oss! I han er det håp for oss alle. Mørket i verda skal ikkje få siste ord; våre timar og netter og dagar i kaos, i mørke og fortviling er ikkje den siste sanninga om oss og om verda Gud har skapt. For Kristus har stått opp! Sigerherren, han som døden ikkje kunne halde på, er han som kjem med liv til oss. Han som skapte alt, opnar ein ny veg, for oss; ein veg fram til den dagen, den morgonen, då han skal skape alt på nytt.
Påska som forandra verda
Påska har enorme dimensjonar. Påska forandrar verda og røyndommen for alltid. Påska er feiringa av skapinga, frelsa, oppstoda og nyskapinga. Mørket i og rundt oss kan vere massivt, frykta kan vere stor, håpet kan vere tynt; men påskehåpet vert ståande: grava er tom, livet sigrar, for Kristus er han som i påskenatta braut dødens lekkjer og sigrande stod opp frå dødsriket.