10-årsdagen for terrorangrepa 22. juli 2011 vert markert i Arna kyrkje med klokkeringing kl. 12, open kyrkje kl. 12-15 og ei minnegudsteneste kl. 13. Vi vil både minnast alle som vart ramma av 22. juli-angrepa og markera felles motstand mot hatefulle haldningar og handlingar i dag.
I minnegudstenesta kl. 13 minnest vi dei som miste livet under terrorangrepa 22. juli 2011, og viser solidaritet med alle som framleis er sterkt prega av angrepa.
Samstundes markerer vi felles motstand mot hatefulle haldningar og handlingar, for å førebyggja at noko liknande skal skje igjen. Representantar for lokale lag og organisasjonar er til stades.
- Appell ved Marit Austnes, Arna AP
- Fellessong
- Kort preike
- Lystenning og forbøn
- Vakker musikk
Gudstenesta vert leia av sokneprest Kristin Hjertaker og kantor Olav Arne Steinkopf. Open kyrkje til kl. 15.
Du kan laste ned plakat nedst på sida.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.