Open dåpsdag i Arna 1. oktober

Har du tenkt på dåp, men så har det aldri passa heilt? 1. oktober frå klokka 14 til 16 kan du koma til Arna kyrkje og bli døypt; heilt enkelt - like stort. Det er inga aldersgrense. Klikk på saka for å lesa meir!

Open dåpsdag i Arna 1. oktober

Det er mulig med påmelding og samtale med prest på forhånd, men det er ikkje nødvendig.

Det er heilt i orden å møta opp der og då. Så får du ein kort samtale med presten før dåpshandlinga.

I dåpen tar Gud imot oss og lovar å vera med oss alle dagar. Vi får del i Guds gode gåver og blir del av eit stort fellesskap; ei verdsvid kyrkje. Som døypt blir du medlem av Den norske kyrkja, så sant du er norsk statsborgar/ er busett i Norge.

Alle aldersgrupper
Tilbodet på Open dåpsdag gjeld for alle som ikkje tidlegare er døypte; både små barn, større barn, ungdom, vaksne og eldre.

Vi veit at det er mange grunnar til at born og vaksne ikkje er døypte. For nokon har det liksom aldri passa heilt. Og ein ser kan henda ikkje heilt for seg å bli døypt i ei vanleg gudsteneste søndag føremiddag. Difor har vi no fleire tilbod om dåp på andre tidspunkt, i eigne dåpsgudstenester - eller som 1. oktober: drop in eller "Open dåpsdag".  

Du kan koma åleine eller ta med deg dei du ønskjer av familie eller vener.

Slik går du fram:

  • Møt opp i Kyrkjestova (utstikken på Kyrkjelydshuset ved p-plassen) 1. oktober mellom kl. 14.00 og 15.30 for registrering.
  • Hugs legitimasjon (fødselsattest/bekreftelse av namn for små barn).
  • Dersom du ønskjer dåp for barn under 15 år, og kjem åleine, treng du samtykke frå den forelderen som ikkje er med.
  • Når du er registrert, ventar du litt i Kyrkjestova. Der er det hyggelege folk, kaffi og kake.
  • Kort samtale med sokneprest Kristin Hjertaker før dåpen.
  • Dåp i kyrkjerommet. Dei du ønskjer, kan vera med - eller du kjem åleine. 
  • Det skal vera minst to fadrar ved dåp. Dersom du kjem åleine, stiller kyrkjelyden med to fadrar.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med sokneprest Kristin Hjertaker på epost kh937@kirken.no eller sms 41479182.

Velkomen til dåp i Arna kyrkje!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"