Gudstenesta kl. 11 har temaet "Fest på slottet". Alle som fyller fire år i 2021, er spesielt velkomne og får den nye, fine 4-årsboka Fest på slottet av Runar Bang.
Boka er innhaldsrik, med mange korte forteljingar om fire barn med ulik bakgrunn - og der vi også får presentert kjente bibelhistorier med mange illustrasjonar. Boka er kjekk å lesa, både for små og store.
- Er kyrkja eit slott??
Når vi inviterer til fest på slottet, er det kanskje nokon som stussar litt. For er kyrkja eit slott, og er vi prinsar og prinsesser? Er det på ekte eller på lat? Er Jesus eigentleg ein konge? Og kor er han? Dette skal vi finna meir ut av i gudstenesta på søndag!
Rett etter gudstenesta "Fest på slottet", får alle barn og vaksne som har lyst, ta seg ein tur inn i "slottet" (kyrkja). Dei som har lyst, kan ta bilde med "kongestolen", og på utsida ventar det ei overrasking til slutt.
Plass til alle
Trusopplærar Gro, Kristin prest og Olav Arne med band leiar gudstenestene klokka 11 og 13. Og kateket Cathrine og mange andre er med og hjelper til. Denne dagen er det litt sånn "alle mann til pumpene".
Som vanleg passar vi godt på smittevernet, spritar oss og registrerer alle som kjem. Men når vi er ute, har vi plass til alle som har lyst til å koma. Og heldigvis er det meldt fint ver!
Førsteklasses
I gudstenesta klokka 13 er fokuset på skulestart. Alle som fyller seks år i 2021, er spesielt velkomne og får ein fin barnebibel i gåve. Vi oppfordrar til å ta med skulesekken.
Skulestart kan vera spennande både for små og store, og i denne gudstenesta ber vi for oppstarten i alle skular og barnehagar i Arna. Vi skal syngja kjekke songar og høyra ei forteljing om kven Jesus meiner er størst og minst.
Etter gudstenesta kl. 13 vert det leik og aktivitetar rundt omkring på plassen - og ein kaffikopp til dei vaksne.
Presentasjon av nye konfirmantar
Klokka 16 er det gudsteneste med presentasjon av dei nye konfirmantane, det vil seia dei som skal konfirmerast i 2022.
Alle namna blir lest opp, og kvar konfirmant kjem fram og tar imot Konfirmantbibelen og eit hefte vi skal bruka i undervisninga. Også på denne gudstenesta blir det fin musikk, leia av Olav Arne med band. Vi syng kjente salmar i nye, moderne arrangement. Det blir også ei kort preike og vi ber for dei nye konfirmantane våre.
Sjølv om dei "gamle" konfirmantane ikkje har avslutta heilt enno (det er konfirmasjonar 11., 12. og 18. sept.), så startar vi opp med det nye 2022-kullet. Allerede tirsdag 24. august er det kick off-samling for desse.
Vel møtt til store og små, unge og gamle, på søndag!
4-åringane får boka Fest på slottet, 6-åringane får ein barnebibel med artige illustrasjonar og konfirmantane får Konfirmantbibelen i gudstenestene søndag 22. august.