Kven er min neste? Kva er mitt ansvar?

Eit av formåla med minnegudstenesta 22. juli i Arna kyrkje var å markera felles motstand mot framandfrykt og rasisme. Lokale representantar frå politiske parti, idrettslag og andre ideelle organisasjonar deltok. Her kan du lesa preika til sokneprest Kristin Hjertaker.

Kven er min neste? Kva er mitt ansvar?

Kven er min neste? Kva er mitt ansvar? Når skal eg gripa inn; for å hjelpa eller for å avverga?

Ei av dei aller mest kjende forteljingane frå Bibelen, er den barmhjertige samaritan. Forteljinga er kjent og brukt langt utanfor kyrkjelege samanhengar og er sentral i korleis me forstår begrepet nestekjærlighet, det å visa omsorg i praksis for dei me møter på vår veg. Men det er noko meir her og, som eg gjerne vil fokusera på i dag.

Den barmhjertige samaritan

Forteljinga om den barmhjertige samaritan, er Jesus sin respons når han blir sett på prøve av ein lovkyndig; som er ekspert på Moselova og del av den religiøse eliten. Rett som det var, prøvde nokon å setja Jesus fast. Få han til å seia noko som kunne definerast som galt eller farleg, noko dei kunne bruka som påskudd for å få bli kvitt han. For han utfordra makthavarane. Dette er altså konteksten. Den lovkyndige startar med eit grunnleggjande teologisk spørsmål:  

«Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» Jesus svarer ikkje direkte, men parerer med eit nytt spørsmål:

Me les frå Evangeliet etter Lukas (Lukas 10, 25-37):

«Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?» Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

Jesus tok dette opp og sa:

«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel formannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’

Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

Feil person gjer rett

Jesus er ein god pedagog. Han bruker ei eksempelforteljing med ein klassisk struktur som gjer det lett å oppfatta poenget han vil ha fram. To personar går rett forbi og let vera å hjelpa, den tredje gjer det rette. Den barmhjertige samaritan grip inn og reddar liv, truleg tok han også ganske stor risiko, sidan den aktuelle strekningen var øde og det var landevegsrøvarar der. Den barmhjertige samaritan gir nødvendig førstehjelp og sørger for vidare oppfølging, ved å transportera den skadde til eit trygt herberge og betala rikeleg for mat og opphald.

På eitt vis er altså forteljinga såre enkel å forstå. Både for den lovkyndige og for lesarar og lyttarar til alle tider seinare. Men så er det eitt element her som gjer det meir utfordrande og vrient; det er rollebesetninga. Dei som går forbi, som lar vera å gjera noko, er ein prest og ein levitt. Begge "skurkane" tilhøyrer den religiøse sfæren, er ganske høgt oppe i systemet, og er dei i forteljinga som den lovkyndige naturleg vil identifisera seg med. 

Den andre, den ureine

Samaritanen derimot, er det motsette. Og dette er ikkje einaste gongen Jesus gjer ein samaritan til helten i historia. Fleire gonger høyrer me om at det var avstand mellom jødane og samaritanane. Jødane ville ikkje ha noko med dei å gjera. Samaritanane blei sett på som ureine, dei utøvde religionen sin på ein annan måte. Dei var framande, litt annleis, ikkje gode nok. 

Dermed blir den lovkyndige utfordra på ein måte han neppe hadde sett for seg: Han forstår eksempelforteljinga og klarer å svara rett på Jesus sitt spørsmål om kven som viste seg som ein neste. Men han må også erkjenna, kanskje litt motvillig, at det er "feil" person som gjer rett.

Har me opplevd noko liknande? Har me blitt overraska over at nokon me hadde små tankar om, eller såg på som outsider eller annleis, var den som viste seg å vera helten eller den gode i ein situasjon? Den som på tross av manglande språkkunnskap eller lokalkunnskap verkeleg fekk noko til, som handla klokt, som var modig? 

Fordomar og framandfrykt også hos oss

Eg trur ikkje nokon av oss er heilt fri for fordomar; ofte ubevisste tankar og følelsar knytt til andre menneske, til dei som er litt annleis enn oss sjølve. Anten ulikheten handlar om sosial status, politisk tilhørighet, religion, yrkesvalg, kjønn eller legning, utsjånad, funksjonsnivå eller farge på huden. Me veit at følelsar påverkar tankane våre, og tankane påverkar handlingane våre. Men me kan også gjera noko aktivt for å endra oss, snu tankesett. Handlingar og praksisar kan endra tankane våre - og følelsane våre. Positive erfaringar, ny kunnskap, nye vennskap kan forandra oss. Me har alt å tena, både som enkeltpersonar og samfunn, på meir inkludering og mangfald.

Fordomar og framandfrykt - og også rasisme - finst blant oss, i ulik styrke og kjem til uttrykk på ulike måtar. Eg trur me må erkjenna det i større grad - for å få bukt med det. Mange har eit ansvar her for å gjera meir, og det er heilt nødvendig for å demma opp for både nasjonale og internasjonale strømningar som me har sett kan vera livsfarlege.

Men me må begynna med oss sjølve. Våre haldningar, korleis me omtalar kvarandre, både direkte og når dei andre ikkje høyrer, rundt middagsbordet og i kommentarfelta.  

Aukande rasisme

Somme har hevda at det knapt er rasisme i Norge. Den påstanden er i alle fall grundig tilbakevist det siste året, med blant anna Black Lives Matter-bevegelsen. Mange nordmenn i ulike fargar rapporterer om jamleg diskriminering - og at det har blitt merkbart verre dei seinare åra.

Eitt døme er utanlandsadopterte som har hatt heile oppveksten i Norge, og som aldri har kjent på forskjellsbehandling. Før no, og no har det blitt ille. Dette skjer på vår vakt, og me kan ikkje skulda på alle andre som burde gjort noko. Me har eit felles ansvar, også her lokalt, for å ta tak i eigne haldningar, ytringar og handlingar. Og når me høyrer noko urovekkande, så må me huska at det kan gå ei linje frå fordommar og mistenksomhet - til hat og vidare til vald.

Eg trur at Gud har skapt alt liv, og at alle menneske har like stor verdi - fordi me er skapt i Guds bilde. Om me kanskje tenker ulikt om begrunnelsen, håpar eg me kan stå saman om at alle menneske har lik verdi. Og at me kan fortsetja å jobba både kvar for oss og i lag - for at endå fleire kan oppleva seg inkludert både i skule, fritid og arbeid i vår bydel, vår by, vårt land og vår verd. Amen.

Gi oss forvandlingens kraft

Etter preika song forsamlinga salmen «Lysenes Gud», nr. 727 i Norsk salmebok 2013.

Lysenes Gud, kjærlighets kjelde, stjernenes Skaper, jorden er din.
Fred er din vei, Gud, du som tilgir og som lar vann forvandles til vin.

Refreng:
Omskap oss Gud, vis verden nåde. :/: Gi oss forvandlingens kraft fra deg. :/:

Veier vi gikk, ufortjent frihet, skapt i ditt bilde sviktet vi deg.
Valg som gikk galt, feil som vi gjorde, misbruk av makt formørket vår vei.

Hjertet blir hardt. Terror og tårer, angst for de andre har blitt vår del.
Tillit er tapt, grådighet hersker. Krig og konflikter knuger vår sjel.

Stans du oss Gud. Vis oss din vilje. Søstre og brødre er vi på jord.
Hjelp oss i dag å ta tilbake paradishagen, skapt ved ditt ord.

Tekst: Shirley E. Murray 2004. Omsett: Eyvind Skeie 2006. Melodi: Per Harling 2004.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"