Tilsette fem prestar

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 28. mars tilsett fem prestar, slått saman Ølve og Hatlestrand sokn og vedteke eit par høyringssvar.

Bjørgvin bispedømeråd i møte 28. mars.

Tilsetjingar

Følgjande prestar har blitt tilsett og teke mot stillinga:

  • Sokneprest i Nordhordland prosti med sokna Austrheim og Fedje som tenestestad: Stein Hugo Fykse
  • Sokneprest i Vesthordland prosti Strusshamn sokn som tenestestad: David Skutlaberg
  • Spesialprest i Sunnfjord prosti: Fredrik Bråttvik
  • Sokneprest i Sunnfjord prosti Askvoll sokn som tenestestad: Tommy Erdal
  • Soknerprest i Nordfjord prosti med Sør-Vågsøy sokn som tenestestad: Beate Folkestad Osdal

 

Samanslåing

Bispedømerådet gjorde vedtak om å slå saman sokna Ølve og Hatlestrand med verknad frå 1. januar 2024. Det nyvalde soknerådet vil fungere som felles sokneråd for dei to sokna ut 2023. Ei endeleg stadfesting på namn skal gjerast i bispedømerådet innan årsskiftet. Inntil det skjer vil namnet Ølve og Hatlestrand sokn bli brukt, bl.a. på vallistene. 
Sokna Hafslo og Solvorn vart slått saman etter vedtak i bispedømerådet 14. februar. I møtet 28. mars gjorde bispedømerådet vedtak om at det nye soknet skal heite Hafslo og Solvorn sokn.

Høyringar

Bispedømerådet vedtok høyringssvar om endringar i personalreglement for Den norske kyrkja. Sjå lenke til vedlegg nedst på sida.
Bispedømerådet vedtok også høyringssvar om Kyrkjemøtet sin dagsorden. I vedtaket heiter det at bispedømerådet har tillit til at kyrkjerådet kan vurdere den beste organiseringa av Kyrkjemøtet. Med tanke på lengda, støttar ein at kyrkjemøtet kan vare tre til fem dagar. – Regelsaker og eventuelt liturgisaker kan med fordel handsamast på ein enklare måte, skriv Bjørgvin bispedømeråd som ønskjer å behalda både tema og andaktsliv på Kyrkjemøtet. 

Årsrapport

Bispedømerådet godkjende årsrapporten for 2022. Sjå lenke nede på sida til årsrapporten.
Bispedømerådet godkjende protokoll frå møte 14. mars.  Den finn du lenke til nedst på sida.  Nye reglar gjer at innstillingar og voteringar ikkje er teke med i den offentlege protokollen. Desse opplysningane kan etterspørjast. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"