Våre to kantorar kjem frå to så ulike musikalske bakgrunnar som jazz og cembalo. Men dei to ulike sjangrane - og dei to kantorane - har noko viktig til felles: Dei likar å improvisere, og å spele saman.
Tysdags påskekveld utforskar dei kva som kan overlappe, kva som kan smelte saman, og kva som kanskje kolliderer. Alt med utgangspunkt i salmemelodiar som høyrer heime i den ettertenksome tida fram mot påske.
Saman med seg har dei Johann Sebastian Blum på cello, så då går alt bra!
Velkomen til ein musikalsk undringsstund i den stille veka. Gratis inngang.
Dette arrangementet er ein del av Påskefest 2025. Se fullt program på www.paskefest.no