Konsert for påskeaften. Høyr Jerusalems rop om nåde og fred i dei urgamle Klagesongane – sett til musikk av François Couperin i 1700-talets Paris – og stadig like fortvilande aktuelle idag. Musikken er intenst vakker. Undervegs slukker me lys i kyrkja, og ender i mørkre. I tillegg får me høyre musikk av Purcell, Bach, Corrette og Karen Rehnqvist.
Med Ingeborg Ekeland og Hilde Veslemøy Hagen (sopran), Frida T. Skaftun (cello) og kantor Ingrid Hagen (orgel).
Billettar 200,-/150,-
Konserten er ein del av Påskefest 2024