Bilete: Stormsjø med båt, nedlasta frå https://wallpapersafari.com/w/9JIQFG.
Høgt frå den himmelske klåra
Faderens auga kan sjå
både din smil og di tåra,
hjarta, kvi ottast du då?
Græt du, han turkar di tåra,
klagar du, lyder han på,
lækjer for alt som kan såra,
hjarta, kvi ottast du då?
Om deg eit stormver vil herja,
fiendehærar deg nå,
vara han vil deg, og verja,
hjarta, kvi ottast du då?
Lyt du enn lengta og stunda
kruna og kransen å nå,
søtt i hans fang skal du blunda.
hjarta, kvi ottast du då?
Der finst litt forskjellige variantar av teksten. Sjå også Norsk salmebok 2013 nr 487.