Vi vil på nytt minnast Jesu død og feire hans oppstode i Løvstakksiden menighet.
Gudstenester
Det vert som tidlegare gudstenester på Palmesøndag, Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag. Merk at gudstenesta på Påskedag vert på kvelden!
Palmesøndag (13. april)
Gudsteneste i St Markus kyrkje kl. 11.
Preiketekst frå Johannes 12,1–13, der vi fyrst høyrer om at Jesus vert salva, og så at han rid inn i Jerusalem.
Sjå alle bibeltekstane for gudstenesta på bibel.no.
Skjærtorsdag (17. april)
Gudsteneste i Solheim kyrkje kl. 11.
Preiketekst frå Johannes 13,1–17, der Jesus vaskar føtene til lærlingane sine.
Sjå alle bibeltekstane for gudstenesta på bibel.no.
Langfredag (18. april)
Gudsteneste i Solheim kyrkje kl. 11.
Jesu lidingssoge les vi i år frå Lukas-evangeliet, frå Lukas 22,39–23,46.
Les denne teksten på bibel.no.
Påskedag (20. april)
Gudsteneste i St Markus kyrkje kl. 18.
Preiketekst frå Johannes 20,1–10, der fyrst Maria Magdalena og så Peter og «den andre» finn at Jesu grav er tom.
Sjå alle bibeltekstane for gudstenesta på bibel.no.
Konsertar og kultur
I år har vi ikkje sjølve nokon spesielle konsertar eller andre kulturarrangement, fordi vi nettopp har vorte utan fast kantor/organist. Dette håpar og trur vi vert annleis til neste år. Det vert imidlertid ei rekkje arrangement rundt om i kyrkjene i Bergen under paraplyen til det som vert kalla «Påskefest».
Du finn informasjon om Påskefest 2025 på
www.paskefest.no.
Sjå også oversikt over programmet her.
Det vert mange ulike typar arrangement, og det er sjølvsagt opp til deg å velje kva du er interessert i. Men om du er ute etter konsertar med vår tidlegare kantor Mariko Takei, så gjev ho
ein orgelkonsert på påskeafta (19. april) i Johanneskyrkja, og
ein klokkespelkonsert 2. påskedag (21. april), også Johanneskyrkja.
Velkomen til gudstenester og andre arrangement!