- Haldninga til kjønnsbasert vald er dramatisk endra til det betre etter at arbeidet til Kirkens Nødhjelp og deira partnarar starta.
Dette seier ein av dei lokale leiarane, ein høvding i ein stor landsby ved Malawisjøen.Vi møtte han under eit tre ved Cape Maclear, som er ein turistdestinasjon der mange har erfart både vald og menneskehandel. Innsatsen mot desse problema blir gjort med stor involvering av innbyggjarane.
Organisasjonen RAC, Rights Advice Center, lærer opp frivillige grundig om lov og rett innanfor vanskelege tema som kjønnsbasert vald og menneskehandel. Så dreg dei ut der dei bur og opprettar «legal clinics» og driv oppsøkande arbeid for å informera, høyra folk sine forteljingar om desse problema og førebyggja vald og menneskehandel.
Det gjorde inntrykk å møta representantar for mannsgrupper, kvinnegrupper og distriktskomitear, saman med fleire høvdingar som representerer den «tradisjonelle styresmakta». Slik involvering er typisk for arbeidet.
På møtet under treet kunne dei frivillige stolt fortelja om korleis dei ved å gå frå dør til dør, fekk borna på skulen i staden for at dei brukte dagen på å fiska. Som den muslimske representanten i ein lokal utviklingskomite sa:
– Vi har fått opplæring og er opptekne av at alt me lærer blir brukt til det beste for nærmiljøet. Vi prøver å vera heilt i fronten i dette arbeidet.
Denne offensive haldninga såg vi fleire stader i landet. Slik får ein nokså begrensa innsats med midlar frå Kirkens Nødhjelp, store ringverknader.