Påskefest 2025: Norgespremiere i Bergen domkirke

Bergen Domkor framfører Stabat Mater av James MacMillan på palmesøndag.  - Eit møte mellom ein svært gamal tekst og heilt ny musikk – kraftfull, gripande, smertefull og vakker, lovar dirigent Kjetil Almenning. Påskefest byr også på konsert med Solveig Slettahjell i Bergens nyaste kyrkje, jazz og kunstutstilling.

Kjetil Allmennig og Bergen Domkor er klar for årets to påskekonserter i domkyrkja.

Vi har gleda av å ønskje velkomen til ein innhaldsrik Påskefest 2025, som går av stabelen frå 6. til 27. april i Bergen. Gjennom desse vekene inviterer vi til eit breitt spekter av konsertar, gudstenester, utstillingar og musikalske opplevingar – frå barokkmusikk og klassiske pasjonsverk til jazz og nyskriven musikk. 

Nyskriven musikk møter eldgamle tekstar 

Domkantor Kjetil Almenning inviterer til norgespremiere på palmesøndag saman med Bergen Domkor. Verket har ein sterk tekst om den sørgande Maria ved krossen, tilskriven Jacopone da Todi som levde ca. 1230-1306. 

- James MacMillan skreiv musikken for berre ti år sidan, og vi får med andre ord eit møte mellom ein svært gamal tekst og heilt ny musikk – kraftfull, gripande, smertefull og vakker, seier domkantor Kjetil Almenning.  

Bergen Domkor har sunge fleire verk av den skotske komponisten James MacMillan, og koret er svært begeistra over den vakre og kraftfulle vokalmusikken han skapar. Dei er stolte og glade for årets palmesøndagsprogram. 

Ein av dei største barokkomponistane 

Også langfredag blir det konsert i domkyrkja, med verk av Dietrich Buxtehude. Bergen Barokk spelar saman med eit samansett vokalensemble med solistar og songarar frå Bergen Domkor.  

- Dietrich Buxtehude er rekna som ein av dei aller største komponistane frå 1600-talet. Han var til stor inspirasjon for seinare komponistar, ikkje minst Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel, fortel Almenning.  

Verket som blir framført på langfredag er Membra Jesu Nostri frå 1680, og tittelen kan kanskje best omsetjast til "Vår lidande Jesus sine heilage lemer". Verket er ein syklus på sju kantatar der kvar del viser til delar av Jesu krossfesta kropp: føter, knær, hender, side, bryst, hjarte og ansikt. 

Flest gratisarrangement på Påskefest 

Påskefest er ein årleg tradisjon i Bergen. Fleire av arrangementa er gratis, andre har billettsal, og det er noko for ein kvar smak og alder. Les meir på www.paskefest.no

Slettebakken byr på kunstutstilling med verk av kunstnar Karina Skilbrei, som er ei utforsking av påskens mysterium. Det blir salmekveldar og påskekonsertar med kor og orgel, jazzgudsteneste, klokkespill og konsert med Solveig Slettahjell og Andreas Ulvo i den nye kyrkja i Sædalen. I tillegg er det gudstenester over heile byen på heilagdagar, inkludert påskenattsmesser. Dei markerer overgangen frå mørke til lys, natt til første påskedag. 

- Gjennom musikk, kunst og ord får vi høve til å fordjupe oss i påskehistoria. Påskens ord og tonar rommar heile mennesket, frå djup fortviling til den største glede. Gjennom Påskefest håpar vi å kunne gi deg augeblink av ro, refleksjon, djupare forståing – og glede, seier leiar i kulturutvalet i kyrkja i Bergen, Knut Christian Jansson. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"