Verdiseglas til Bergen

Unge sine verdiar blir frakta med båt langs kystpilegrimsleia, og kom til Bergen 21. mai. Første etappe av seglasen starta på Moster 19. mai, og skal vidare til Nidaros.

Skodespelar Ragnhild Gudbrandsen las dikt av Jon Fosse då verdiseglasen kom til Bergen. Også ordførar Marit Warncke, fylkesordførar Jon Askeland, pilegrimsprest Einar Vegge og ungdommar frå Bergen deltok i markeringa.

Denne sommaren vil ein seglas i fire etappar langs «kystpilegrimsleia» frå Stavanger og nordover samla verdiar frå unge og ta dei med seg til Trondheim. Der vil Nasjonaljubileet 2030 få dei overlevert som verdibrev.

Tatt i mot av ordførar og fylkesordførar i Bergen

Tirsdag 21. mai kom seglasen til Bergen og Shetlands-Larsens bryggje mens kyrkjeklokkene ringde, og blei motteken av ungdomar frå Bergen, ordførar i Bergen Marit Warncke, biskop Ragnhild Jepsen, fylkesordførar Jon Askeland og fungerande domprost Hans Jørgen Morvik. 

Etter helsingar og kulturelle innslag, blei Olavflammen og kista med verdibrev tatt med i pilegrimstog mot domkyrkja. 

I pilegrimsgudsteneste medverka mellom anna biskop Ragnhild Jepsen, fungerande domprost Hans Jørgen Morvik, pilegrimsprest Einar Vegge, domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Melvær Øgaard og professor Alf Tore Hommedal. Ungdomar frå Verdisamtalar/Verdiseglasen og fylkesordførar Jon Askeland leste bibeltekstar og bøner.

To jubileum i verdiåret

I «Verdiåret 2024» markerer vi to store jubileum. Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Magnus Lagabøte forma vår landslov. Landslova vart den første fungerande riksdekkande lovboka i Europa. 

Med bakgrunn i desse rettsjubilea har bispedøme og regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim invitert unge i alderen 15-30 år til verdisamtalar på nøkkelstadane langs leia.  Samtalane er inspirerte av «Guds fire døtre» som er nemnde i landslova og omgrep som makt, likeverd og demokrati. Frå samtalane skal ein skriva verdibrev, med tilrådingar for framtida. Verdibreva skal fraktast i ei pilegrimskiste og overleverast til Nasjonaljubileet 2030, Noreg i 1000 år, som vert leia av stortingspresidenten og til Den norske kyrkje ved preses, 27. – 28. juli.

Frå Moster til Nidaros

Første etappe av seglasen starta med ei markering på Moster 19. mai, der lokale ungdommar kjem med det første verdibrevet til pilegrimskista. Biskop Herborg kom frå Nidaros med Olavsflammen frå Stiklestad som skal lysa gjennom ti år fram til Nasjonaljubileet i 2030. Denne flammen følgjer seglasen langs kysten til Trondheim, med ulike stopp langs vegen, mellom anna Halsnøy og Fana. 

For detaljar om programmet, sjå https://www.kyrkjekulturvest.no/verdiseglas

Samarbeidspartnarar er dei fire regionale pilegrimssentera Avaldsnes, Bergen, Selje og Smøla, dei fire bispedøma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros, og Kyrkjekultur Vest AS, som koordinerer det heile. Verdiseglasen er del av, og støtta av Landslovsjubileet i Vestland

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"