Nord-Fron kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje

Vi søkjer etter ny kyrkjeverje til ein spanande og innhaldsrik leiarstilling.

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje

Stillinga er ledig frå 1.1.2025. Kyrkjeverja er fellesrådet sin administrative leiar og skal bidra til å leie fellesrådets sitt strategi og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har ansvar for kyrkjas administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av kyrkja sine eigendomar og leier fellesrådets tilsette.

Kyrkjeverja vil vera ein synleg representant for fellesrådet, og skal bidra til god kontakt og dialog med politiske og administrative offentlege og private aktørar, som kommunen, bispedømerådet og andre relevante organisasjonar. Vi har eit nært og godt samarbeid med kommunen, som og fører rekneskap og køyrer lønn for dei tilsette.

Fellesrådet forvaltar den kulturarven som kyrkjebygga er. Nord-Fron er inndelt i 4 sokn. Kyrkjene i sokna er tømra krosskyrkjer og rikt utsmykka med vakker treskurd. Sødorp kyrkje er frå 1750, Skåbu kyrkje frå 1927, Kvikne kyrkje frå 1764 og Kvam kyrkje frå 1952. Sødorp kapell er frå 1929, og Kvam kapell frå 1938. Det er kyrkjegardar rundt alle kyrkjene og rundt Sødorp kapell. Forvaltninga omfattar ansvar for kyrkjebygga, andre bygg og gravplassane.

Folketalet i Nord-Fron kommune er omlag 5600, der omlag 81% er medlemar i Den norske kyrkja. Sokna har preg av typisk folkekyrkje. Fellesrådet varetek administrative og økonomiske oppgåver for Den norske kyrkja sine sokn og er arbeidsgjevar for 8 tilsette. Dei tilsette er kyrkjeverje, sekretær, kyrkjelydspedagog/diakon, fire kyrkjetenarar, kyrkjemusikar. I tillegg er det 2 sokneprestar som er tilsette i bispedømet. I alle sokna er det engasjerte friviljuge som tek del i ansvar og oppgåver. Det er godt samarbeid mellom angåtte og friviljuge, og eit godt tverrfagleg samarbeid i staben. 

Kyrkjekontoret ligg på Vinstra som er administrasjonssenter i Nord-Fron kommune. Kommunen har barnehagar, barneskular, ungdomsskule, vidaregåande skule og kulturskule, og butikkar som dekker dei fleste behov. Vinstra ligg sentralt i vakre Gudbrandsdalen med god kommunikasjon (E6 og jernbane.)

Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Det er eit rikt kulturliv i kommunen og gode forhold for variert idrett og friluftsliv.

Søknadsportal på webcruiter her

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 01.11.2024

Arbeidsgjevar: Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Stad: Nord-Fron, Vinstra

Stillingstittel: Kyrkjeverje

Stilling: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Ansettelsesform: Fast

Stillingsprosent: 100 % 

Arbeidsoppgåver

Utøve dagleg leiing og forvaltning av fellesrådet si drift i samsvar med vedtekne planer, budsjett, gjeldande lover og forskrifter

Ansvar for å leia og motivere tilsette i fellesrådet

Gravplassmyndigheit for alle i kommunen

Sørge for god forvaltning og drift av kyrkjer og gravplassar

Vera saksbehandlar og sekretær for fellesrådet og andre utval.

Økonomistyring og budsjettansvar

Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søke andre finansieringsløysingar der det er mogleg

Leie strategi- og utviklingsarbeidet for fellesrådet i samarbeid med sokneråda

Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med, og mellom, sokna og utval

Representere Fellesrådet mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar

kommuneadministrasjon, media og andre.

Kvalifikasjonar

Økonomisk/administrativ utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå.

Særskilt langvarig og relevant praksis med gode referansar kan kompensere for manglande relevant utdanning

Relevant leiarerfaring

Erfaring frå møteleiing, forhandlingar og andre utadretta verksemder.

Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy.

God kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering

Engasjement for kyrkja sin visjon og målsetting

Medlem av Den norske kyrkja.

Den som blir tilsett må framlegge politiattest i samsvar med Tros- og livssynsloven § 20.

Ha førarkort og disponere bil.

Personlege eigenskapar

Gode leiareigenskapar og evne til organisering

Være trygg i rollen som leiar og ha god evne til å ta rette avgjerder, prioritere og gje attendemeldingar når det er nødvendig.

Oppnå tillit og gode relasjonar internt og eksternt

Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

Kunne vise evne og vilje til samarbeid

Strukturert og ryddig

Kunne arbeide godt sjølvstendig og i team med tilsette og friviljuge

Personleg eigenskap og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige oppgåver i eit spanande og godt arbeidsmiljø

Lønn etter avtale

Forsikringsordning og pensjonsordning gjennom KLP

Gode digitale verktøy

Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og landsnivå

Tilbod om kurs og opplæring innanfor aktuelle fagområde.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkarliste etter offentlegheitsloven § 25.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"