Alle gudstenester i kyrkjene i Storfjorden kyrkjelege fellesråd blir avlyst i perioden 12.– 26. mars.

På bakgrunn av nye omfattande nasjonale bestemmingar frå styresmaktene kring corona-smittesituasjonen, har Møre biskop bestemt at det ikkje skal haldast gudstenester i kyrkjene i Møre i perioden 12. – 26. mars.

"Dette er svært inngripande tiltak i nasjonens liv, og kyrkja stiller seg heilt og fullt bak den nasjonale dugnaden for å dempe smittefaren," seier biskop Ingeborg Midttømme.

Som ein konsekvens av dei nasjonale bestemmingane blir også alle andre arrangement i kyrkjene i fellesrådet avlyste i denne perioden; konfirmasjonsundervisning, trusopplæringstiltak, planlagte årsmøter i kyrkjelydane, songkvelder o.l.

Der det er avtalt dåp vil presten ta kontakt med dåpsfamiliane om dåpshandling i kyrkja for den einskilde, der berre foreldre, søsken og fadrar er til stades.

Når det gjeld gravferder så vert det gjennomført utan open kyrkje for alle, dvs. avgrensa seremoniar for næraste familie.

Dette vert avtalt mellom pårørande og gravferdsbyrå, prest og gravferdsforvaltinga i fellesrådet.

April og mai er tida for konfirmasjonar i fellesrådsområdet. Prosten og prestane vil ta stilling til korleis ein vil gjennomføre desse innan onsdag 18. mars. Konfirmantansvarlege vil deretter informere konfirmantar og foreldre om korleis ein vil gjennomføre konfirmasjonar.

Biskopen oppmodar alle om å stå saman i bøn: ”Lat oss stå saman i bøn for alle som har leiaransvar mellom oss, for alle som er urolege og redde, og særleg for dei mest utsette av oss - om vern mot alvorleg sjukdom."

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"