Den 5. juni er det verdas miljødag. Dette er ein FN-dag som blir markert over heile verda kvart år.
I prostia er det tenkt å markere dette ved å ha skaparverkets dag så nært opp til denne datoen som mogleg, og Austre Sunnmøre prosti nyttar 2. pinsedag 6. juni til verdsarvgudsteneste med skaparverket som tema. Friluftsarrangementet vert gjennomført i samarbeid med stiftinga Geirangerfjorden verdsarv. Det er sjette året på rad verdsarvgudstenesta er lagt til den vakre Hausetsetra med det storslagne utsynet over Geirangerfjorden og bygda.
Gudstenesta tek til klokka 12:00, og blir leia av prost Svein Runde. Det blir preike ved prestevikar Ann Kristin Langeland, og etter gudstenesta er det som tidlegare lagt opp til eit foredrag med tema knytt til miljø og det å ta vare på skaparverket. Det blir mest sannsynleg eit rebusløp også. Musikalsk leiar for dagen er Gunnar Inge Eide.
Prost Svein Runde ser fram til gudstenesta i det flotte verdsarvområdet.
- Ta med niste og sitteunderlag, seier han. - Ein kan parkere på Korsmyra og gå derfrå til Hausetsetra. Det er ein lett veg å gå, ein kan berekne om lag 15 minutt lett gange.
Alle er velkomne til gudstenesta!