Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Landro kyrkje

Lenge før Landro kyrkje vart bygd var det ein kyrkjelyd i Nordre delar av Fjell som samla seg til gudsteneste.

Landro kyrkje på Landro vart vigsla 11.des.1977, over hundre år etter at vi fekk Fjell kyrkje slik den står i dag. Men, allereie i 1923 vart Landro bedehus vigsla til kyrkjeleg bruk, noko som fortel oss at folk i nordre delen av Fjell har venta lenge på eit eiga gudshus.

Kyrkja er bygd som ei "sentralkyrkje"- kjenneteikna av at alle sidene er like lange som i eit kvadrat- eit symbol på at kyrkja rommer heile verda. Kvadratet som form går igjen i interiøret i kyrkja; alteret - døypefonten – preikestolen. Alterveggen er bygd opp i småstein, og symboliserer menneska i kyrkja.