Jula – faktisk ei kristen feiring

I mitt forrige innlegg før Halloween var overskrifta «Halloween – faktisk ei kristen feiring». Og no har eg høyrd sopass mykje på dagens folk i dagens samfunn at eg fann det passande å ha «Jula – faktisk ei kristen feiring» som overskrift. I dag byr eg på ei lita historie.

Jula – faktisk ei kristen feiring

Olga og det utblåste lyset

Lyset blei tent. Lyset blei blåst ut. Lyset blei igjen tent. Lyset blei blåst ut. Olga sukka. 

Det var ingenting som fungerte denne dagen og jula nærma seg med stormskritt. 
«Vi må klare å KOSE oss!» Stjernene glinsa i vindauget, nissa kjempa om plassen og til og med Michael Bublé gaula over høgtalarane.

Olga ser oppgitt på Adam og slår ut med hendene. Adam er meir av den sindige typen, reiser seg og tek fram Bibelen. Litt tilfeldig slår han opp og les frå Johannes 3,16 og 17 som seier: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå tapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.»

Olga undra seg, kjende at ho blei litt irritert. Ho la armane i kors og sank saman og sa: «Dette er snåle greier. Tenk at folk trur på slikt. Gud og Guds son liksom - pøh». 
Likevel var det noko som fekk tankane til Olga på vandring. Ho tenkte med seg sjølv: «Det hadde vore bra fantastisk dersom julehistoria faktisk var sann.»

Julehistoria 

Maria og Josef var både stressa og slitne, på grensa til utmatta faktisk. Josef fauk rundt frå hus til hus og spurte etter rom for natta. 
Josef: «Er her rom? Er her rom? Er her rom?» Og alt han fekk til svar var «nei, nei, neeeeei». Motet til Josef sank på linje med livmora til Maria, men midt i mørket, kulda og avvisinga, når mørket herja innvendig, kom ei hjartevarm stemme som sa: «Men det er plass i stallen min, ja der dyra mine bur.» 

Med våte kinn og tunge augenlokk såg Maria og Josef på kvarandre, snakka utan å snakke saman før Josef svarte: «Ja, det er betre enn å sove ute, men berre so vidt». 

Maria føder
Etter ein haug med fødselslydar, lydar frå nyfikne dyr og ein trygg, men redd Josef, blir verdens konge født. Jesus blir født! 

Englane har i mellomtid eit svært viktig oppdrag ute på markane og midt på natta syng dei til gjetarane: «Halleluja! Halleluja! Stikk inn til Betlehem. Kongen over alle kongar er født!» 

Gjetarane tenker fyrst dei har mista vetet og seier ingenting til kvarandre. Medan den eine etter andre stirrar i bakken, sparkar litt ørkensand og ser ned, er det tilslutt ein av dei som prøver seg forsiktig: «ehm, var det berre eg som såg englar?» Gjetarane braut ut i ein enorm lettelse og jubel. Ikkje berre er dei rektige, men verda sin Konge (ja, med stor K) er født i deira nabolag.

Tilbake til Olga 

Olga er plutseleg ikkje irritert lenger. Ho veit ikkje heilt, men det var som om ho fekk utdelt både puslespelet og kvar alle brikkane høyrer heime på same tid.

Olga reiser seg og går tilbake til lyset som ho tidlegare blåste ut, tende og blåste ut igjen. Ho vil gi lyset ein sjanse til og sender Adam fyrstikkeska. Med stødige hender tenner han lyset og i sitt stille tenker dei på Verdens Lys som er født. Dei tenker på ei glede som berre Gud gi og at det er bra fantastisk at julehistoria faktisk er sann.

 

Katrine Ruth Overå

- Kyrkjeverje -


Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"