Johanneskapellet rommar så mangt. Her falder livet seg ut, med alle sine kontrastar. Kyrkja brukar kapellet til gudsteneste, dåp og gravferd. Men også konsertar, vigslar og babysong.
Folk på øyane sett stor pris på dette intime kapellet. Det er eit godt rom å vere i.
Vi skal ikkje gløyme å nevne glasmaleria til Olav Leon Roald, som sett sitt særeigne preg på kapellet. Eit slikt kapell må ha eit instrument som står i stil til den kvaliteten og kjærleiken som sit i veggane.
Ein handverkar treng gode reiskap for å gjere jobben sin. Karsten Warholm spring ikkje løp i sandalar!
Vi som har ansvaret for musikken i kyrkja ønsker å forvalte den med kvalitet. Eit nytt instrument til Johanneskapellet vil gi eit skikkeleg løft til vårt arbeid. Men det stoppar ikkje der! Eit nytt instrument vil også gi nye moglegheiter. Borna i Kortøft kan ha intimkonsertar i kapellet, Kulturskulen kan halde pianokonsertar der, Knøttesong får endeleg eit skikkeleg instrument å synge til, vi kan trille ut pianoet i kaféen og halde jazzkonsertar, jam sessions og andre kjekke musikalske bidrag inn mot ein allereie populær kafé.
Bli med på spleisen!
Innsamlingskonserten blir torsdag 13. mars kl. 20.00 i Valderøy kyrkje. Med oss på laget får vi mange gode, musikalske krefter, så sett av kvelden alt no!
Helsing,
Kantor Margaret Haugland
Kyrkjemusikar Dag-Filip Roaldsnes
Valderøy sokneråd
Giske kyrkjelege fellesråd