Viktige skjema

Her kan de laste ned naudsynte skjema for å gjennomføre ein vigsel i Den norske kyrkja.

Både brud og brudgom skal fylle ut skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra. Ved namneendring skal det sendast Meldingsskjema for namneendring til folkeregisteret. Forloverane fyller ut Forlovarerklæring. Dei som skal gifte seg i utlandet må ordne papira i Norge. Naudsynte skjema kan finn du i begge målformer på sida Statlige blanketter.

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonane gjere. Prøvingsattesten som de får tilsendt digitalt frå Folkeregisteret, kan de videresende til kyrkja@giske.kommune.no. De treng ikkje sende den i posten eller komme innom kontoret med den. Attesten er gyldig i fire månader.
 

Tidlegare ekteskap
Dersom nokon av brudefolka har vore gift tidligare, og folkeregisteret ikkje har registret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er slutt. Utenlandsk skilsmissebevilgning eller dom må først verte godkjend av Fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet tok slutt, må i einskilde tilfelle ha erklæring frå tidligare ektefelle om status i skiftet.

Utenlandske statsborgarar
Ein utenlandsk statsborgar som ikkje er fast busatt i Norge må framlegge attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det vert inngått ekteskap. I tillegg er det naudsynt med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, oppholdsløyve eller busettingsløyve.

Vigselsattest
Vigselspersonen meldar vigselen til Folkeregisteret, som utsteder vigselsattest. Brudefolka kan få med seg ein stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som mellombels attest og kan vere naudsynt ved bryllupsreise i utlandet rett etter vigselen.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"