Nye restriksjonar frå 19. januar

Det er fortsatt berre 10 personar som kan vere tilstades til gudsteneste i kyrkja i høve restriksjonane. Vi streamar derfor direkte på facebook og til TV kanalen på Hadartun. Dåp og vigsel gjennomførast med 10 deltakarar + medverkande. Gravferder kan framleis ha 50 deltakarar + medverkande, dette gjeld både inne i kyrkja og ute ved grava. Barne og ungdomsarbeid kan no gå som normalt, difor kan kyrkja og kyrkjelydshuset brukast i høve arrangement og aktivitetar for barn og unge.

Dåp gjennomførast med eigne, korte dåpsgudstenester (max 10 personar frå dåpsfamilien).

Regjeringa kom med nye koronarestriksjonar, desse gjeld frå og med 19. januar. Restriksjonane påverkar også kyrkja sin aktivitet.

Det er viktig at vi er med på å forhindre smitte og ha gode smittevernsrutiner på våre arrangement. Vi ønskjer å vere til stades som kyrkje i lokalsamfunnet, der vi skal forkynne evangeliet. Vi må gravlegge dei som går frå oss og vi skal bidra til dei som treng hjelp av ulik grad, vi skal vise omsorg og vi skal be for kvarandre og for verda.

DIGITALE GUDSTENESTER
I denne avgrensa perioden, blir det diverre ikkje mogleg å møte fysisk til gudsteneste i kyrkja grunna restriksjonane (maksgrense på 10). Men vi tilbyr digital gudsteneste på Facebooksida til Hareid kyrkje søndagar kl 11 og overføring av gudstenestane til bebuarane på Hadartun på same tidspunkt (TV, kyrkjekanalen).

ANDAKTER HADARTUN
Det blir diverre ikkje andakter på Hadartun enno. Men gudstenestane søndag kl 11 vil bli overført digitalt til bebuarane på Hadartun. Sjå på TV, kyrkjekanalen.

DÅP
For dei som har planlagt dåp i kyrkja, kan dette gjennomførast som eigne dåpsgudstenester med maksimalt 10 til stades frå dåpsfamilien (medvarkande kjem i tillegg til desse 10). Ta gjerne kontakt dersom de planlegg dåp.

GRAVFERDER
Gravferder er som tidlegare med restriksjonar og maksimalt 50 deltakarar på seremoni i kyrkja og ute ved grava. For dei som eventuelt ynskjer å ha minnesamvær etter gravferda (i leigde lokaler) er dette no avgrensa til 10 deltakarar.

TRUSOPPLÆRING
Barne og ungdomsarbeid kan no gå som normalt, difor kan kyrkja og kyrkjelydshuset igjen brukast i høve arrangement og aktivitetar for barn og unge. Informasjon og invitasjonar til desse aktivitetane kjem fortløpande.
Vi forheld oss til ei kvar tid til gjeldande smittevernreglar.

BABYSONG OG SMÅBARNSONG
Sjølv om det er opning for at barn og unge kan samlast som normalt, ventar vi med desse to gruppene sidan dei involverar så mange vaksne også.

BARNEKANTORIET
Startar med øvingar igjen i kyrkja kvar onsdag kl. 1600-1730. Vi håper å få fortsette med det utover våren. Om nokon har lyst å begynne, og er i alderen 3. klasse og oppover, er det berre å møte opp! Leiarar er Sissel Anita Riise og Ida Teige.
PS: Vi-koret (5-8 år) som drivast av frivillige er også starta opp med sine øvingar no, annankvar veke på kyrkjelydshuset kl 17-18 (starta med første øving 20. januar)

KYRKJELYDSHUSET
Aktivitetane våre på kyrkjelydshuset er førebels utsatt/kansellert grunna smittevern.
Dersom du vil støtte kyrkjelydshuset i ei utfordrande tid, er det høve til å enten blir fast gjevar (ta kontakt med oss så kan vi orientere koreleis) eller å gi ei gåve på VIPPS 525936 eller kontonr. 3910.61.74494, øyremerka Hareid kyrkjelydshus, merk gjerne med «gåve». Vi takkar alle støttespelarar!

FRIVILLIGSENTRALEN
Avventar oppstart av aktivitetar som hobbyklubb, karakveld, seniornett o.l.
Dagleg leiar Frivilligsentralen kan kontaktast via telefon: 700 95 136 eller epost: frivilleg@hareid.kommune.no.
Bruktbutikken "Brukt & Billig" blei opna igjen 20. januar, med vanleg opningstider.

 

KONTAKTINFORMASJON
Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret dersom de har spørsmål, tlf. 70095130, epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.

PS: Kyrkjekontoret er diverre ikkje ope for besøkjande, grunna smittevern.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"