Altertavla

Altertavla

Frå artikkel av Leiv Arne Grimstad i lokalavisa Vikebladet Vestposten torsdag 29. januar 2004:

Nyare kunnskap om altertavla, preikestolen og Stavanger Hospitalkirke står å lese i ein artikkel av S. Rygh i heftet "Ætt og heim" utgitt av Rogaland Historie- og ættesogelag i 1972. Det har vore nytta fleire namn om Hospitalkyrkja i Stavanger. "Stavanger Hospitalskirke" er eitt, "St. Peters Hospitalskirke" eit anna. Kyrkja låg ved Skolebekken/Hospitalsgaten. Rygh skriv at altartavla som i dag står i Hareid kyrkje vart forært til Stavanger Hospitalskirke av sokneprest Ditlef (Detolaus) Lauritzen Scavenius for 20 riksdaler i tida 01.02.1658 til 01.05.1659. Stavanger Hospitalskirke vart bygd i 1612. Tavla vart venteleg oppstilt i 1660. Altartavla har så stått i Hospitalskyrkja gjennom heile resten av 1600-talet og 1700-talet. I 1815, 28. august, står det i Hospitalet sin protokoll side 14 at Regjeringa har gitt løyve til å selje altartavla og anna inventar på ein offentleg auksjon. (sitat):

"Regjeringen 1st Departement har under 19de Aug. d.a. tilskrevet os saaledes: At det nåådigst har behaget hans Majestæt under 3de dennes at resolvere, at det ved Hospitalet i Stavanger værende Capel maa ved offentlig Auktion bortsælges, og sammes endnu brugbare Ornamenter og Inventar afhændes til andre Kirker, som maatte tiltrænge samme, samt at herfor indkomne Summer maa tilfalde Stedets Fattigvæsen, vorder herved tjenstligstmedelt til behagelig Foranstaltning".

Auksjonen vart halden 29. september 1815. Sjølve kyrkjebygget vart seldt til fargaren Lars Mouritzen for 400 riksbankdaler. Med salet følgde ca 1125 teglsteinar. Kyrkja var av tømmer og bindingsverk, og var svært lita. Ved ein branntakst i 1807 vart ho målt til 14x8 alen. Rygh går vidare utifrå at ein renessansepreikestol som vart gitt til Stavanger Domkirke i 1576, vart overført til Hospitalkykja i 1658 då domkyrkja fekk sin noverande, storslåtte preikestol, som er bilethoggar Anders L. Smith sitt hovedverk. Denne renessansepreikestolen står i dag - i litt redusert utbåve - i Bigset bedehus.

Korleis kom så desse to klenodia til Sunnmøre?

Ifølgje Rygh fanst det blant "liebhabarane" ved auksjonen over Stavanger Hospitalkirke, tre personar med tilknytning til Sunnmøre:

1. Stiftsoverrettskprokurator Friderich Hansen (1762-1817), gift med dotter av den grunnrike Christopher Tiærandsen Rønneberg (1731-1824) frå Ålesund.
2. Generalkrigskommisjær og tollkasserar Peter Nicolai Randulff (1766-1817), gift med Christophora Lucie Hammond (1771-1834), dotter av kjpmann Tomas Hammond og Ingeborg Lyng. Christophora Lucie var fødd i Borgund. Dotter hennar Petrine var fødd på Sunnmøre ca 1812.
3. Christian Aarland, forstandar ved Stavagner Hospital i åra 1813-1820. Far hans var søskenbarn til den nemnde grunnrike Christopher Tiærandsen Rønneberg.

Auksjonen i Stavagner Hospitalskirke skjedde 29. september 1815. Peter Nicolai Randulff fekk tilslaget på både preikestolen og altartavla. S. Rygh skriv:

"Men selv om altertavlen m.v. gik tapt for byen, i en økonomisk besværlig tid da selv domkirken gikk mot forfall av mangel på midler, må den være taknemlig for at tingene er tatt vare på for etterslekten som skjedd".

Det var altså generalkrigskommisær og tollkasserer Peter Nicolai Randulff som kjøpte både altartavla som står i Hareid kyrkje i dag, og preikestolen som står på Bigset bedehus. At Peter Nicolai Randulff var gift med ei kvinne frå Sunnmøre (Borgund), og at dei syntest å ha vore busett på Sunnøre på den tida den nye åttekantkyrkja på Hareid nettopp hadde fått tak, men elles mangla viktige inventar, gir grunn til å tru at Andreas Landmark, fut og kyrkjeverje i Hareid, må ha fått nyss om den "overtallige" altartavla og preikestolen i Stavanger.

 

Sensasjonell nyheit om altertavla i Hareid kyrkje
Møbelsnekkar Michael Heng ved Stavanger Museum har funne ut at altertavla i Hareid kyrkje (frå 1666) ikkje er eit verk av Anders Smith, men av Pieter Neelsen (født 1607). Michael Heng heldt foredrag i Hareid kyrkje i regi Hareid kyrkjeakademi i november 2022. Her fekk vi høyre at initialane SA øvst på altertavla, tilhøyrer dronninga og kongen i Danmark (Norge på den tida). SA står for dronning Sofie Amalie, så er der også ein F, som ikkje er så lett å sjå, saman med eit 3-tal. Det står for kong Fredrik III.
Det var mellom anna vist til altertavla i Kinn kyrkje (1644), der Pieter Neelsen er kunstnaren – og denne altertavla har slåande likskaper med altertavla vår i Hareid kyrkje. Denne Pieter er også representert i Ørskog kyrkje og i Leikong kyrkje. Michael Heng har tatt prøver og studert likskapen. Sjølv om Hareid-tavla er importert frå Stavanger, må altså denne Pieter Neelsen også ha vore her på Sunnmøre og arbeidt. Han var ein aktiv kunstnar i 40 år.

Korleis kunne Anders Smith få ein slik framheva plass i kunstlitteraturen? Uttrykket «nokon har fortal noko….» Her finn ein grunn til å tru at det var familien, som hadde framheva Smith si rolle meir enn det var dekning for. Michael Heng jobbar med ein forskingsarbeid der mellom anna dette er komen fram.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"