Reint vatn
Aldri før har reint vatn vore så viktig som i 2020. Då heile verda hamna i krise var det godt å ha mange års erfaring, kunnskap og arbeid med vatn i ryggen. På rekordtid kunne Kirkens Nødhjelp bygge handvaskstasjonar, køyre ut vassbilar og drive opplæring i hygiene for å førebygge covid-19.
Diverre står vi overfor mange utfordringar i 2021 òg. Fleire land møter no si andre bølgje av pandemien. Vi har sett Malawi grave massegraver, sjukehus fyllast opp og land stengast ned.
Akkurat no gjer kyrkjelydar over heile Noreg seg klare til å gjere ein forskjell. Til å forandre noko for andre. Det gjer vi gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 21. – 23. mars.
Sei ifrå!
Fasteaksjonen er meir enn berre innsamlingsaksjonen. Ho gjev også moglegheit til å vere med og påverke norsk klimapolitikk. Dei fattigaste i verda har bidratt minst til klimaendringane, men opplev dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig.
Vi kan ikkje endre på det som er gjort, men vi kan gjere noko for å skape ei rettferdig framtid. Vi meiner at Noreg må ta klimaansvar og auke støtta til klimatilpassing i utviklingsland betrakteleg slik at fleire får tilgang på reint vatn. I Fasteaksjonen kan du bidra ved å signere på Kirkens Nødhjelp og Changemaker sitt opprop på fasteaksjonen.no.
I Høyanger kommune
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein fantastisk dugnad for rettferd. Både konfirmantar og frivillige brukar fastetida til å hjelpe dei som treng det mest. Innsamlingsaksjonen går både som digital bøsse på Facebook for kvart sokn i Høyanger kommune. I tillegg står konfirmantane med bøsse på tysdag 23. mars på ettermiddagen i alle butikkar.
Andreas Ester sokneprest