Dagens bibelord
Johannes 18,15–18
Dagens bibelord 05.02.2025
15 Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen til øvstepresten saman med Jesus. 16 Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestejenta som vakta porten, og fekk Peter med seg inn. 17 I det same seier ho til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei», svara han, «det er eg ikkje.» 18 Det var kaldt, så slavane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.
Kilde: www.bibel.no