Dagens bibelord

Lukas 24,46–53

Dagens bibelord 09.05.2024

Lukas 24,46–53

46  og han sa til dei: «Slik står det skrive: Den salva skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47  og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. 48  De er vitne om dette. 49  Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
50  Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51  Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52  Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. 53  Sidan var dei stadig i tempelet og velsigna Gud.

Kilde: www.bibel.no