Sjukehusutvikling og bibelomsetjing

Som misjonsprosjekt i 2021-2024 har soknerådet vedteke å gjere avtale med Normisjon om å støtte Okhaldhunga sjukehus i Nepal og med Norsk Luthersk Misjonssamband om å støtte arbeidet med bibelomsetjing i Etiopia. Målet er å samle inn 20 000 kr til kvart prosjekt i løpet av fire år.

Sjukehusutvikling og bibelomsetjing

Okhaldhunga sjukehus i Nepal

Dette sjukehuset ligg 8 mil frå Mount Everest og er det einaste i eit område der det bur over 250 000 menneske. Det vert drive av United Mission to Nepal, ei samanslutning av personar og organisasjonar i og utanfor Nepal. Born som veg under 12 kg får gratis tenester her, og fattige får støtte av eit pasientstøttefond. Her er også sjukepleiarskule og eit nytt prosjekt for inkludering av menneske med fysisk og psykisk funksjonsnedsetjing. Arbeidet er i hovudsak diakonalt. Det blir ikkje drive forkynnande misjonsarbeid i Nepal, men å betre helse og likeverd for fattige høyrer også med til evangeliet og kyrkja sitt misjonsoppdrag. UMN ynskjer også å støtte dei nasjonale kristne i å elske Gud og sin neste.

Liv Wendel, som hadde mye av oppveksten sin i Kviteseid, har arbeidd for UMN i Nepal i eit prosjekt i Bajhang-provinsen. Ho var utsending frå Normisjon, og Kviteseid kyrkjelyd støtta arbeidet i den førre misjonsavtala. No arbeider ho i Okhaldhunga med å styrke sjukepleiarskulen og jordmortenesta ved sjukehuset. 

Bibelomsetjing i Sør-Etiopia

Sør-Etiopia har mange ulike folkegrupper. Fleire av dei har ikkje eigne skriftspråk. Karen Elisabet Wittersø Hector og Fredrik Hector har i fleire år arbeidd med å omsetje Det nye testamentet til tsamakko. Dei er utsendingar frå Norsk Luthersk Misjonssamband, og omsetjingsarbeidet skjer i samarbeid med Wycliffe Bible Translators og den etiopiske greina av SIL, som arbeider med å utvikle og ta vare på minoritetsspråk.

Å omsetje Bibelen til tsamakko er komplisert og krevjande, for fyrst må dei lage eit skriftspråk for dette språket. Dei må så å seie byggje opp alfabetet frå grunnen av. Omsetjinga skjer frå den greske grunnteksten, samtidig som det er nyttig å sjå på bibel-utgåver på andre språk. I heile prosessen er naturleg nok mange lokale medarbeidarar engasjert. Ei bibelomsetjing på tsamakko gjer Bibelen og den kristne bodskapen kjend for folk, men dette er også samfunnsbyggjande. Å få sitt eige skriftspråk er veldig viktig for identiteten til ei folkegruppe.

Karen Elisabet hadde delar av oppveksten og skulegangen her i Kviteseid. Då ho fyrste gong vart utsendt til Etiopia, var det ei forbønshandling for henne i gamlekyrkja. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"