Ei musikalsk adventstid

I desember har me fleire konsertar å glede oss til i Kviteseid sokn!

En julestjerne lyser i et vindu.

Onsdag 11. desember kl 19 får me høyre resultatet av eit spennande samarbeid mellom No boots, damekoret Fjellrøyst frå Vinje og Robertas Lamsodis i Kviteseid kyrkje. Konserten «mot jol» inneheld eit bredt jolerepertoar som venteleg fell dei fleste i smak.

Tradisjonen tro inviterer me til stor adventskonsert sundagen etter, der alle bygda sine kor saman med hornmusikken skapar god førjolsstemning. Datoen er sundag 15. desember, klokkeslettet er 17 og staden er Kviteseid kyrkje. Det blir sjølvsagt og høve til å syngje med, og Rolf Inge Johansen held andakt.

Onsdag 18. desember kl 19 kan me ynskje velkommen til konsert med ein heilt ny kvintett med Symre (Taugbøl Bang) frå Morgedal i spissen på vokal og gitar. Dei andre er Jon Espelid (Treungen) - trommesett, perkusjon, Tov Espelid (Treungen) - gitar, song, Torjus Gravir Klykken (Skien) - bass, song, Audun Rørmark (Bø) - fiolin, hardingfele, song. Dei reklamerer med ein konsert som inneheld jazza versjon av joleviser som «på låven sitter nissen» og «romjulsdrøm», salmar som «folkefrelsar» og «mitt hjerte alltid vanker» samt nyare komposisjonar som Dumdum boys sin «stjernesludd» og Symres eigen komposisjon «det er mange som hatar jol». Me tør å love musikalsk kvalitet og bredde, og garantert stemning i Brunkeberg kyrkje!

Velkommen på adventskonsert!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"