Jesus Kristus, lyset i verda

Kyrkja er fellesskapet av alle som trur at Jesus Kristus er verda sin frelser. Den norske kyrkja i Kviteseid er ein del av dette fellesskapet.

Ei jente utkledd som engel tenner lys.

Frelse er eit ord som brukast stadig mindre i dagligtalen, men det tyder å bli redda, bli fri fra noko som binder eller truer oss. Verda er full av gode og vakre ting, og det aller vakraste er kjærleiken. Men me menneske har ein tendens til å øydelegge for oss sjølv og andre. Jesus Kristus kom til jorda slik at vi menneske gjennom å tru på han kan bli frelst frå alt det som øydelegg, og bli fylt av hans overveldande godhet og kjærleik.

Den første tida no etter julfeiringa kallar vi openberringstida. Messene i denne tida har eit ekstra fokus på Jesus Kristus. Me ynskjer å trengje stadig dypare inn i - få openberra - alt han er og har gjort for oss menneske.

Ha ei god openberringstid!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"