Frelse er eit ord som brukast stadig mindre i dagligtalen, men det tyder å bli redda, bli fri fra noko som binder eller truer oss. Verda er full av gode og vakre ting, og det aller vakraste er kjærleiken. Men me menneske har ein tendens til å øydelegge for oss sjølv og andre. Jesus Kristus kom til jorda slik at vi menneske gjennom å tru på han kan bli frelst frå alt det som øydelegg, og bli fylt av hans overveldande godhet og kjærleik.
No er vi i kyrkja si fastetid, ei førebuingstid til påskefesten. Messene i denne tida har fokus på at me kalt til å fylgje Jesus Kristus, også gjennom freistingar og liding. Kristus heldt ut i freisting og liding, ja han var kjærleiken tru inntil døden på krossen.
På oppstodedagen seira Kristus over døden, og på same måte som me har del i Kristi liding, har me og del i Kristi seier. Forundeleg!
Ha ei god fastetid!