Vi søker ein person som kan vere med å drive og videreutvikle vårt varierte trusopplæringsprogram.
Arbeidsoppgåver:
- Tenestegjere med sporadiske og kontinuerlege tiltak frå trusopplæringsplanen.
- Leie, koordinere og administrere kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid i nært samarbeid med sokneprest, staben elles, trusopplæringsutvalet og friviljuge.
- Bidra og inspirere til eit variert og godt trusopplæringsarbeid i kyrkjelyden.
- Delta i soknet si konfirmantopplæring, inkludert konfirmantleir.
- Sakshandsamar og sekretær for trusopplæringsutvalet, rapportere til soknerådet og bispedømerådet.
- Gjerne vere med i eitt eller fleire kontinuerlege tiltak.
- Rekruttere og inspirere til frivillig engasjement.
- Sekretæroppgåver som mellom anna annonsering på forskjellige måtar for alt arbeid i soknet / kyrkjelyden.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og / eller gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid i kyrkje eller kristen organisasjon
- Kunnskap til norsk kyrkje- og kristenliv
- Må kunne arbeide med enkle dataprogram / digitale plattformer
- Søkjar må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
- Likar samvær med born og unge.
- Ynskjer å legge til rette for og vere med på formidling av Bibelen sin gode bodskap til ei levande tru.
- Kan arbeida strukturert og målretta, er sjølvstendig, initiativrik og kontaktskapande.
- Har gode evne til samarbeid og relasjonsbygging.
Er du personleg eigna/skikka, vil det vere meir avgjerande enn formell utdanning og kompetanse.
Du bør ha førarkort, og gjerne kunne disponere eigen bil. Den som blir tilsett, må legge fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) i samsvar med Kyrkjelova § 29
Vi tilbyr
- Allsidig og aktivt kristenliv i kyrkjelyden og bygda.
- Godt og inspirerande arbeidsmiljø med gode kollegaer (sokneprest, organist, kyrkjeverje og kyrkjetenarar).
- Engasjerte frivillige medarbeidarar.
- Gode og tenlege lokaler for arbeidet.
- Samarbeid med andre i prostiet om konfirmantarbeid og leiartrening via "Ønsket og elsket" (Sjå onsketogelsket.no).
- Godt tverrkyrkjeleg samarbeid.
- Løn, pensjon og andre arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar i Hovedorganisasjonen KA.
- Ein fin kommune og bygd å bu og arbeide i.
Søknadsfrist 20. august. Søknadsportal finn du her.