Vil du vera med på pilegrimsvandring til Røldal 1. september?

Då arrangerer Øvre Telemark prosti ei dagsvandring frå Svandalsflona og ned til Røldal for alle som vil.

Vil du vera med på pilegrimsvandring til Røldal 1. september?

For 20 år sidan fann ivrige historielagsfolk med Ragnvald Christenson fram dei gamle pilegrimsvegane. Så blei det eit samarbeid med kyrkja ved Agder og Telemark bispedøme om organisera vandringar frå Vest- Telemark til Røldal, og det vart det langvandringar frå Seljord i nokre år. Men marknaden for slike vandringar er ikkje veldig stor, og helst går folk mot større pilegrimsmål i Spania og mot Trondheim.

Men pilegrimsvegen mot Røldal lever. Kvart år blir han nytta av ulike grupper. I august er det "Å vandre med håp" (27-29 august) eit breitt samarbeid mellom diakonien, psykisk helse i alle Vest-Telemark-kommunane, KVITO og DPS i Seljord.  I år vert det for 16 gong.

Så er det "Vandring for Forandring" i september (7.-8. september), eit samarbeid mellom Agder og Telemark bispedøme, LEVE og RVTS Sør. Det er ei to dagars vandring til Røldal for karar som har mista nokon av sine i sjølvmord. Kanskje er denne vandringa, trist nok, ekstra aktuell med dei aukande sjølvmordstala. Framme i Røldal markerer ein Verdsdagen for sjølvmordsførebygging.

Om ei ikkje er i målgruppa for desse spesialvandringane, korleis kan ein kome seg til Røldal som pilegrim frå Vest- Telemark?

Svaret er 1. september. Då arrangerer Øvre Telemark prosti ei dagsvandring frå Svandalsflona og ned til Røldal. Tretten kilometer, stort sett nedoverbakke på veg og stig. Vel framme i Røldal vert det pilegrimsgudsteneste. Vandringa er gratis, men ein må sjølv kome seg til Svandalsflona.

Meir informasjon kan ein få ved å vende seg til prostidiakon Eilev Erikstein.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"