14. februar er det oskeonsdag og starten på kyrkja si fastetid. I Kviteseid kyrkje markerast det med ei Taizébøn. Taizébøn er ei messe med låg terskel, mykje fin musikk, mykje levande ljos og mykje rom for stille og ettertanke. Jan Haugen (gitar), Ane Holm (fløyte), Herman Gautefald og Lisa Haugeland (fiolin) deltek som musikarar. Musikken er lågmælt og vakker, og kyrkjelyden syng saman med forsongarar på enkle bønesongar.
Musikken er som namnet seier henta frå Taizé, eit felleskyrkjeleg brorskap i Sør-Frankrike som samlar særleg unge menneske til song og bøn. Kyrkja i Kviteseid ynskjer velkommen til eit stemningsfullt pusterom!