Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Vil du vere med på HalloVenn 31. oktober?

Lyst på ein annleis og spanande kveld med kjekke aktivitetar saman med gode vener?

TID OG STAD: KNARVIK KYRKJE ONSDAG 31. OKTOBER KL.17:00-20:00

* Morsomme aktivitetar som fiskedam, hoppeslott og klatring

* Klovnen Kiki

* Sangaren Bjarte Leithaug

* Tryllekunstnaren Andini

* Morsomme kostyme for dei som vil, ingen skumle maskar

* Pølser, is, saft, mykje godteri

* Arrangementet er livssynsnøytralt

* For barn opp til 12 år

OM HALLOVENN

HalloVenn er eit eige konsept (www.hallovenn.no), og vert arrangert over heile landet. Temaet er «Gode venner», og mottoet er: «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei». Ved å legge til rette for gode vennskap ønsker HalloVenn å gjere Norge til ein betre stad å vere. Dette er også eit positivt alternativ til halloween-feiringa.

PRAKTISK INFO

Til Knarvik 31. oktober kan det kome fleire hundre barn til vennefesten. Det er inngangspenger, kr. 75,- per barn (2-12 år), barn under 2 år og vaksne gratis, maks kr. 200,- per familie. Barn under skolealder må vere i følgje med ein vaksen.  I prisen ligg både underhaldning, aktivitetar, mat og godteri.

ARRANGØR 

Arrangementskomiteen i Knarvik er personer frå ulike forsamlingar og kyrkjelydar i Nordhordland.

Målet er å legge til rette for at barn og unge skal få oppleve ein stor, felles vennefest!

 

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

 

Kontonr: 3632 07 04019

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

 

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80