150-årsjubileet er godt igang

Meland kyrkje fyller 150 år i år, og no kjem snart jubileumsveka: 21-28. september.  Du kan finne heile programmet og bilder  frå tidlegare jubileumsarrangement nedanfor.

150-årsjubileet er godt igang

Jubileumsveka vert 21.-28. september, med høgdepunktet på søndag 25.september med jubileumsgudsteneste og fest etterpå. Det vert også to arrangement i oktober

I april gjekk alle skuleborna og dei fleste ungdomsskuleelevane ein av dei gamle kyrkjevegane opp til kyrkja. Barneskulane  pluss nokre barnehagebarn mandag 18.april, ungdomsskulane torsdag 21.april. Trass dårleg ver kom det elevar frå alle kantar av kommunen på dei gamle kyrkjevegane. Undervegs hadde dei med seg lokalkjende guidar som fortalte om kyrkjevegen, eit knippe pensjonistar som gjorde turen interessant.

I kyrkja fekk dei forestillinga Livsreisa, og etterpå fekk skulebarna minikonsert med Bjarte Leithaug og ungdomskuleelevane eit drama ved Marit Nesse. Alle fekk treffe lensmannen  og dei fekk lappar og saft på kyrkjebakken. Tre forestillingar vart gjennomført mandagen, to på torsdagen. Over 1200 barn og unge pluss personale var innom kyrkja desse to dagane. 

Livsreisa var ei forestilling skapt av kyrkjestaben, med seniorprest Bjørn Moe som manusforfattar. Den handla om den fiktive personen Ola Brakstad og livet hans knytt opp til Meland kyrkja. Ola Brakstad var fødd same året som kyrkja vart vigsla 1866 og levde til 1945 då kyrkja var plassen for å feire at Norge fekk fred att etter 2. verdskrig. Dei store hendingane i livet til Ola Brakstad var knytt til kyrkjehuset.

Folkemusikaren Linda Røyseth Sandhåland var med som songar, 8 elevar frå Danielsen ungdomskule: Linnea Daae Opdahl, Daniella Fennely, Peter Stein, Maren Emilie Tellevik, Marthe Halle, Magnus Mjåseth, Elisabeth Henanger og Sigrid Helene Steinhovden var med som skodespelarar i diverse roller. Fire andre frivillige skodespelarar var med: Kenneth Tyssedal: løve, Solveig og Elise Mathilde Fosse Skeie : mor og dåpsbarn, lensmann: Einar Vatne . Frå staben var desse skodespelarar: Bjørn Moe som Ola Brakstad. Anne Marit Fosse Dahle som engelen Sofia, Ruben Sæle som klokkar/far, Torbjørn Aamli som prest. Trond Fykse tok teatermusikarrolla. Linda Lunga, Aslaug Miljeteig og Anne Sofie Uthaug ønska velkommen og var i kulissane. Kulissearbeidarar var også Gry og Arthur Tyssedal. 

Ute på kyrkjebakken fekk borna og ungdommane lappar og saft som var laga og vart servert av frivillege damer frå Helselaget mfl. Stor innsats vart lagt ned for at alle skulle få ein liten smakebit. 

5.mai/Kristi Himmelfartsdag var det som vanleg friluftsgudsteneste på Håøytoppen. Men spesielt for jubileumsåret var ei historisk vandring frå Flatøy til Håøytoppen med Henrik Flatøy som lokalhistorisk guide. Det er mykje spennande historie å fortelja om på ruta, og framfor dei planlagte store endringane i Midtmarka på Flatøy, er det ikkje minst kjekt å ha med det historiske perspektivet. 

17.mai var det markering av kyrkjejubileet på folkemøtet ved kyrkja.  

21.august var det konsert med Caro Canto, ei gruppe songarar frå Dresden-operaen i Tyskland. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"