Den raude tråden i påska

Vel møtt i Meland kyrkje i påska! Få med deg den raude tråden i påska, og særpreget til dei ulike dagane: (NB. Hugs sommartid på søndag..)

Altaret på langfredag, avkledd og med 5 roser for Jesu 5 sår

Gudsteneste for små og store på Palmesundag,  der vi føljer Jesus med Hosianna-rop og palmegreinar ridande på eit esel inn i Jerusalem.

Kveldsgudstenesta på Skjærtorsdag kveld, då vi minnest at Jesus innstifta nattverden, og vaska føtene på læresveinane  under avskilsmåltidet.  Etter gudstenesta har vi eit lite måltid saman. Så blir lysa sløkte. Alt blir teke bort frå altaret, og vi førebur  temaet for Langfredagsgudstenesta:

Langfredag  er det pasjonsgudsteneste, ei enkel gudsteneste med song og skriftlesing, og ein kort tale.  Då følgjer vi Jesus på lidingsvegen, frå bønekampen i Getsemanehagen, via Judas sitt svik, Peter si fornekting, arrest og forhør, og så Via Dolorosa,  den tunge vegen opp til Golgatahøgda, for å bli krossfest.  Midt i dette mørkret, finst ei strime av lys:  Han gjorde det for oss!

Og denne strima av lys er det som brått skin sterkare og sterkare : Han som ikkje ein gong døden kunne halde fast står opp! Den store gleda faldar seg ut i lovsong og glede under høgtidsgudstenesta  på påskedag: Deg være ære, Herre over dødens makt!  Der  syng vi nokre av dei fantastiske påskesongane våre. (NB: Hugs berre å stille klokka ein time mot sommaren natt til søndag, så du ikkje kjem for seint.) 

Kom og ver med du og, på så mange gudstenester som mogleg.  Lev deg inn i påskedramaet enno ein gong, og la denne strofa synge i deg:  «Jesus vann, og eg har vunne!»

Mvh Torbjørn Aamli, sokneprest

Informasjon om gudstenestene - alle i Meland kyrkje: 

Palmesøndag 20. mars kl. 11.00:  Familiegudsteneste. Moe. Dåp. Nattverd. Film for borna. Takkoffer til misjonsprosjektet ved HimalPartner. Kyrkjekaffi.

 Skjærtorsdag 24.mars kl. 19.30: Kveldsgudsteneste. Moe. Nattverd. Takkoffer til Misjonsalliansen.  Kveldsmat etter gudstenesta.

Langfredag 25.mars kl. 11.00: Langfredagsgudsteneste. Aamli.

1.påskedag 26.mars kl 11.00: Høgtidsgudsteneste. Aamli og Sæle. Nattverd. Håvard Olsen, saksofon. Takkoffer til misjonsprosjektet v. Himalpartner. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"