Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Den norske kyrkja i Øygarden

Hjelme og Blomvåg sokn fell i geografi saman med Øygarden kommune som ligg nordvest for Bergen, med Nordsjøen i vest og Hjeltefjorden mot aust. Kommunen har i overkant av 4700 innbyggjarar. 4015 personar er medlemmer (ved utgangen av 2015) i Den norske kyrkja. Kyrkja driv eit omfattande arbeid, mellom anna eit stort barne- og ungdomsarbeid. Leirarbeidet er ein viktig del av dette arbeidet. Sjå også årsmeldingane som du finn nede i denne artikkelen.

Det er 3 kyrkjer i Øygarden. To av kyrkjene er i vanleg bruk medan Hjelme gamle kyrkje for tida er stengt for allment bruk. Det er også gudstenester i bedehus ved einskilde høve. 

Blomvåg kyrkje er frå 1931 med 270 sitjeplassar. Kyrkja vart rehabilitert i 2010 og benkane vart skifta ut med stolar. Hjelme kyrkje er frå 1971 med 340 sitjeplassar. Denne kyrkja hadde eit større vedlikehald i 2011 og fekk stolar i staden for benkar. Hjelme gamle kyrkje er frå 1875. 

Gudstenesteturnusen er frå 1968 og set opp 36 forordna gudstenester i kvart sokn i året. Kyrkjene har gudsteneste omlag annankvar søndag med tillegg av ein del kveldsgudstenester. Kyrkjesøknaden er god.

I 2015 var det i Øygarden 52 døypte, 69 konfirmantar, 12 vigslar og 40 gravferder. Det var 8109 på gudstenestene i 2015. Det vert arbeida med å utvikla gudstenestelivet. Tema som ”Sprell Levande” er tatt inn i familiegudstenesta. Her spelar frivillige ei viktig rolle. Du kan lesa meir om arbeidet i årsmeldingane som du finn ved å klikke på boksen "Årsmeldingar - Øygarden sokneråd" på framsida.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar inn til månadlege samlingar. Prostiet har eigen prostiprest. Prostiet er eit eige beredskapsområde. Soknepresten vert avlasta ved bruk av prostipresten og andre prester i prostiet.

Kyrkjekontoret der også soknepresten har kontor, ligg sentralt til i Rong senter.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no