Ledig 100% stilling som kyrkjetenar

I Sula sokn er det ledig fast 100% stilling som kyrkjetenar. Vil du bli ein del av staben vår? Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein kyrkjetenar som er praktisk anlagt, opptatt av medmenneske og som har god IT-kompetanse. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje.

Ledig 100% stilling som kyrkjetenar

Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, som ligg i tettstaden Langevåg og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser.

Arbeidsoppgaver

  • Vedlikehaldsarbeid og praktiske oppgåver i Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje
  • Reinhald i begge kyrkjene
  • Medverknad i kyrkjelege handlingar som gudstenester, vigslar og gravferder
  • Vaktmeistarfunksjonar ved andre tilstellingar i kyrkjene
  • Brannvernansvarlig i kyrkjene
  • Føring i Famac datasystem for byggforvaltning, drift og vedlikehald av kyrkjene, herunder avvikshåndtering og rutiner for internkontroll m.m
  • Søkjar må rekne med ein del arbeid i helgane og noko kveldstid

Vi søkjer etter ein person med

  • Relevant kompetanse eller yrkeserfaring
  • Evne til å ta initiativ og jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å kommunisere godt med brukarar av kyrkjene
  • Gode samarbeidsevner
  • God IT-kompetanse
  • Anlegg for praktisk arbeid
  • Personleg eignaheit blir vektlagd

Vilkår

  • Medlemskap i Den Norske Kyrkja
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverk
  • Medlemskap i KLP
  • Førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest
  • Må beherske norsk skriftleg og muntleg

Vi tilbyr

  • Tverrfaglig arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandling
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkja
  • Moglegheit for kompetanseheving gjennom Kirketjenerskolen, evt. andre kurs/seminar

 

SØK PÅ STILLINGA HER!

Søknadsfrist: 21. april 2024.

Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula 
Søknad med CV vert å sende pr. e-post til: post@kyrkja.sula.no

Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert krevd framlagt politiattest ved tilsetting.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"