I Myldrekyrkja skal alt vere for alle! På tvers av generasjonar – alt er for alle. Samlinga starta med eit par songar med rørsler til. Så var det tid for aktivitet! Tema for dagen var såmannssøndag – og kva er vel då meir naturleg enn å så? Alle som ville fekk paprikafrø som dei kunne så i ei lita potte med jord. Etter aktiviteten var det ei kort gudsteneste som var knytt tett opp til tema for dagen. Rett etter gudstenesta var det kyrkjemiddag – og den måtte ein av praktiske grunnar vere påmeldt til. Men vi ønskjer at det skal vere eit tilbod om enkel og grei familiemiddag til overkommeleg pris for dei som vil. (Pris 100 for vaksen, 50 for barn – betaling med Vipps etter måltidet).
Myldrekyrkje skjer anten i kyrkja, på kyrkelydshuset som sist, eller ute – alt etter aktiviteten vi skal ha. Gudstenesta er kort (15-20 minuttar), men er innhaldsrik likevel med rom for bibel, kort preik, forbøn og velsigning – vi gjer dei skikkelege tinga!
Vi håpar på sikt at Myldrekyrkje kan bli ein samlingsstad der alt er for alle og det er lett å komme med heile familien – rett og slett av di det er kjekt å samlast slik.
Det blir også «vanlege» gudstenester i kyrkja på Sande. Dei er sjølvsagt også for alle!
Myldrekyrkje hausten 2024:
Søndag 22. september kl. 14.00
Søndag 27. oktober kl. 14.00
Søndag 24. november kl. 11.00
(Evt. måltidspåmelding til frode.skeide@sunnfjordkyrkja.no)