Myldrekyrkje på Sande

«Myldrekyrkje» er eit nytt gudstenestetilbod på Sande – og det ligg i namnet at her er det låg terskel for å myldre saman.  Det gjer ingenting om små barn spring rundt og er litt på og av.  Det er rom for prat, både om dagens tema, men også berre i det å kome saman!  Søndag 3. mars var det «Myldrekyrkje» første gong på Sande.  Vi var ei lita, spent gruppe som hadde førebudd samlinga.  Det var 25 som hadde meldt seg på middagen.  Men ville det komme fleire? Det kom 80 til Myldrekyrkja på Sande denne dagen! Neste myldregudsteneste blir Pinsedag 19. mai kl. 14.00.

Myldrekyrkje på Sande

I Myldrekyrkja skal alt vere for alle!  På tvers av generasjonar – alt er for alle.  Samlinga starta med eit par songar med rørsler til.  Så var det tid for aktivitet!  Tema for dagen var såmannssøndag – og kva er vel då meir naturleg enn å så?  Alle som ville fekk paprikafrø som dei kunne så i ei lita potte med jord.  Etter aktiviteten var det ei kort gudsteneste som var knytt tett opp til tema for dagen.  Rett etter gudstenesta var det kyrkjemiddag – og den måtte ein av praktiske grunnar vere påmeldt til.  Men vi ønskjer at det skal vere eit tilbod om enkel og grei familiemiddag til overkommeleg pris for dei som vil.  (Pris 100 for vaksen, 50 for barn – betaling med Vipps etter måltidet).

Myldrekyrkje skjer anten i kyrkja, på kyrkelydshuset som sist, eller ute – alt etter aktiviteten vi skal ha.  Gudstenesta er kort (15-20 minuttar), men er innhaldsrik likevel med rom for bibel, kort preik, forbøn og velsigning – vi gjer dei skikkelege tinga!

Vi håpar på sikt at Myldrekyrkje kan bli ein samlingsstad der alt er for alle og det er lett å komme med heile familien – rett og slett av di det er kjekt å samlast slik.

Det blir også «vanlege» gudstenester i kyrkja på Sande.  Dei er sjølvsagt også for alle!

Myldrekyrkje våren 2024:

Påskedag 31. mars:  Påskefrukost frå klokka 09.45.  Ta med det du vil ete.  Egg, kaffi, te, mjøl eller juice får ein på kyrkjelydshuset.  Aktivitet denne dagen blir:  Påskevandring!  Vi «vandrar» gjennom påskedagane, frå stasjon Palmesøndag til Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag – og det er både aktivitet og gudsteneste.  Tips:  Ta med påskeliljeplante med jord!  Den skal vi pynte med ute!

Søndag 28. april kl. 14.00

Pinsedag 19. mai kl. 14.00

 

(Måltidspåmelding til frode.skeide@sunnfjordkyrkja.no)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"