Sorg kan ha mange ansikt

Det finst kjærleikssorg, sorg for eit havarert samliv, sorg over helseproblem, over at ein må flytte eller er utan arbeid, at ein mistar eit kjæledyr – lista er lang. I denne artikkelen som først vart publisert i Kyrkjebladet for Gaular er det sorgen over å miste ein person som har betydd mykje for ein vi vil fokusere på. Sorg kan kjennes som ein knekk i livet som ein ikkje alltid ser korleis ein skal reise seg frå. Men det går an – slik bjørka på bilete minner oss om. Men spora vil alltid vere der. Som arr etter sår. Etter ei tid kan ein kanskje berøre såret og arret utan at det byrjar å blø kvar gong?

Tre personer trøster hverandre ved graven

Vi menneske er faktisk slik laga at vi skal tole å miste menneske vi er glade i. Ja, det er vondt! Dess meir ein har elska, dess vondare er det… Men med god hjelp og støtte klarer vi å reise oss og leve vidare.

Det er ein fantastisk evne vi menneske har, at vi kan knyte band til kvarandre. Nokre sterkare enn andre, slik skal det vere. Desse banda til familie og vener er med å halde oss oppe når det kjennest som eit av dei sterke banda blir så brutalt kutta når nokon dør frå oss. Difor er det viktig at vi knyter band til fleire andre og ikkje satsar alt på eitt band! For då vaklar vi og kan falle stygt når det eine, sterke bandet slitnar eller blir kutta. For dette er kjærleikens og venskapets pris – at vi kjem til å miste kvarandre ein gong. Døden er forbeholdt oss som lever.

Før døden
Når høver det eigentleg å snakke om døden?
Mi erfaring er at det er sjeldan for tidleg og ofte for seint …

Eg er overtydd om at det vi ikkje vågar å snakke om er mykje farlegare for oss enn det vi vågar å snakke om. Den døden vi snakkar mest om i vårt land er ulukkesdød, uventa død og den kriminelle død eller krigsdød. Men det vanlegaste av alt, den naturlege død snakkar mange av oss altfor sjeldan om! No trur ikkje eg at det er sunt å gå rundt å tenkje på døden kvar dag – det skal vi heldigvis sleppe. Men det er heller ikkje sunt for oss at vi aldri snakkar om den eller tenkjer på den – for det kan overvelde oss og gjere oss hjelpelause når den først møter oss – anten det er vår eigen død eller andres død.

Etter mange år som prest og møte med mange, mange pårørande er det mi erfaring at der familie og vener har fått tid til å snakke om og førebu seg på både dødsleie, døden og ofte også sjølve gravferda på førehand, der er dei pårørande mykje betre førebudde og taklar heile situasjonen betre enn der ein ikkje har fått dette til. Mange kjenner på stor takksemd overfor den som er død at vedkommande gjorde dette med dei og for dei.

I den gamle kyrkjebøna ba ein: «Fri oss frå vond og brå død.» I vår tid kan brå død ofte bli idealisert. Eg tenkte også slik før – og for eigen del ganske egoistisk. «Så dør ein frå heile problemet utan angst eller langvarig smerte». Lettvint for meg.

For dei næraste er brå død sjokkerande og vond! Så no er eg ikkje så skråsikker om kva som er best lenger. Men ein ting har samtalane med folk lært meg: Dersom eg får tid, så vil eg når tida er inne ta den praten med mine om korleis vi skal gjere dette til ei meiningsfull tid og kva eg tenkjer om gravferda og andre praktiske ting. Fordi eg veit at eg då gjer dei ei stor teneste som vil gjere dei betre førebudde. Slike samtalar er fulle av kjærleik og omsorg – og sorg. Deira sorg over å miste meg, mi sorg over å miste alle dei….

No er det ingen fasit på korleis døden møter ein. Nokre gonger kjem den brått, andre gonger så altfor sakte – for det er også rett å sei nokre gonger når alle ser at no er det ikkje meir å hente i dette livet for våre. Skjønt; vi må ikkje gløyme: Evna til å elske og ta imot kjærleik er den første me får og den siste me misser.

Det kan vere mange grunnar for at ein ikkje fekk til å snakke om døden på førehand og det er difor heller ikkje noko som er heilt rett eller heilt feil. Vi må uansett respektere den som ligg for døden – det er ho eller han som må få bestemme kor djupt ein vil snakke om dette. Nokre vil ikkje prate om det – og då må vi respektere det. Men når ein døande har behov for å snakke er det fint om vi vågar å gå inn i det. Det er eit stort privilegium at eit menneske ønskjer å bruke av si siste tid saman med oss og vil dele sine viktigaste tankar. Nokre gonger kan det vere lettare å snakke med andre enn sine næraste om døden – og då er det vårt ansvar at vi legg til rette for det.

Asta fann det naturleg å skrive ned sine tankar om døden som eit dikt. Eit dikt vi har fått lov til å trykke i dette bladet. Fullt av livsvisdom og mot der kjærleiken og omsorga for sine skin så fint gjennom – så veit dei dette og ho visste det vil hjelpe dei.

Før gravferd
Når ein av våre er død kan det vere ein god ting å samlast rundt den døde om det går av praktiske omsyn. Rundt senga den døde ligg i, eller rundt open kiste. Det er viktig at heile familien blir inkludert – også barna. Barn og sorg har vi skrive særskilt om i dette bladet fordi det er så viktig. Barn treng at vi snakkar sant og dei treng å bli rekna med! Dei er ein viktig del av familien.

Ingen sjå, man dei som vil kan sjå. Særskilt etter uventa dødsfall og ulukker kan dette bli ei svært viktig del av sorgprosessen og alle profesjonar vil strekke seg langt for å legge til rette for at det kan gjennomførast.

Tida mellom dødsfall og gravferd kan bli ei viktig og meiningsfull tid. Mange får god hjelp frå gravferdsbyrå dersom ein vel å nytte det. Prest og kyrkjestab vil også kunne svare på mange praktiske spørsmål som måtte dukke opp – og ved kyrkjeleg gravferd er det vanleg at prest har samtale med familie der ein snakkar om den som er død og ut frå dette førebur ei gravferdsstund som høver innanfor dei råmene ein har.

GRAVFERD er viktig!
Behovet for å samlast og minnast den som er død på verdig vis finst i alle kulturar og på tvers av alle religionar. Det er vi som lever som treng gravferda – og det er fint om også andre enn aller næraste familie kan få være med. For sorga kan strekke seg langt utover familie – til vener og kollegaer og ukjente relasjonar – det gjer godt for mange å dele sorg. Dette handlar nettopp om band – at vi stiller opp for kvarandre og støttar opp om kvarandre – det gjer oss sterkare og rikare! Nokre familiar vel at ein ikkje kondolerer på grava, andre inviterer til minnesamvær etterpå. Behova og måten ein vel å ordne dette på kan vere ulike.

Det er mange som kan snakke om eit «før» og eit «etter» gravferda. Eit dikt av Avid Hanssen seier dette så fint:

Salman e’ sungen
Folke har røyst sæ
Orgele’ spelle så sakte og mildt
Ansiktan blenke
Sorga har løyst sæ
Mekti va ordan
Stormen e’ stilt..

Etter gravferda
kjem kvardagane sakte men sikkert snikandes. Dei er ikkje som før. Nokre skildrar ei oppleving av at det er nesten rart å sjå at verda går vidare, årstider skifter, fuglane kvitrar og folk handlar og ler som før medan for dei – har tida nesten stoppa opp på eitt vis.

Heldig er den som har familie og vener som hugsar på ein også når kvardagane kjem! Som vågar å komme innom med vaffelrøre under armen! Men det finst mange forteljingar om at folk blir usikre når ein møtast. Det er ikkje vondt meint – men ein blir usikker. Skal vi spørje koreleis det går? Eller er den sørgjande lei av å svare på det no? «Det er sikkert så mange som spør – og då vil ikkje eg trenge meg på…»

Jesus sa ein gong: «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei.» Legg merke til at dette er sagt i aktiv modus – aktivt gjere noko!

Kva ville vi andre skulle gjort mot oss i møte med vår sorg? Hadde vi helst sett at dei ungjekk oss? At dei snakka om vær og vind framfor å høyre korleis det går med oss?

Vi treng ikkje vere så redd for å møte og for å spørje – sørgjande kan sjølve styre kva dei vil dele eller ikkje på ein heilt fin måte. Og så får vi respektere at dei vil ikkje dele alt med alle, eller kjenne på at vi er priviligerte og rekna til å stole på om dei gjer det.

Når ein kjenner på sorg kan det vere hjelp å finne frå andre som opplever sorg – helst med liknande erfaringar som eins eigne. I Sunnfjord er det etablert sorggrupper, ofte i tverrfagleg regi av Helse Førde, kyrkjene i Sunnfjord kommune og kommunen. Kontakt kyrkjekontoret eller kommunal helseteneste – dei vil gi informasjon.

Det finst ingen fasit på korleis sorg opplevast eller korleis ein skal handtere sorgkjensla. Sorgkjensla er naturleg og målet er ikkje å bli kvitt sorgkjensla – men å handtere den og leve meiningsfullt vidare med den og etterkvart akseptere at den kan tilta og avta.

Det finst ingen fasit.

Sorgreaksjonar kan vise seg slik:

  • Vanskeleg å konsentrere seg. Då kan det vere lurt å rekne lenger tid på det ein skal gjere.
  • Mistar matlyst eller trøyste-et. Då kan det vere godt å ete til faste tider og i alle fall litt.
  • Ein blir lettare sint. Då kan det vere godt å gjere hardt, fysisk arbeid. Eller slå i golvet med ei pute.
  • Ein har lett for å grine. Og det må no berre få komme.
  • Lett for å isolere seg. Sjølvmedkjensle har lite framtid. Gode aktivitetar med familie/vener kan vere lurt å takke «ja» til.
  • Dødsangst for seg sjølv eller nære. Det kan vere godt å fortelje/dele med nokon som tåler å høyre det. Hugs: Det vi vågar å snakke om er ikkje så farleg…
  • Tek vare på gode minne, også gjenstandar og bilete.
  • Dårleg eller mindre søvn. Hugs at mange problem ofte blir større når ein ligg vaken om natta. Hald på gode rutinar for når ein legg seg og står opp.
  • Ein kan lettare bli sjuk, forkjøla, få vondt i magen eller kjenne på angst. Turar, trening og frisk luft er til hjelp.
  • Sorga tek pausar. Det er ikkje noko ein skal skamme seg over eller kjenner skuldkjensle for – det er heilt naturleg og noko ein skal omfamne med takksemd. Det er viktig å gjere noko som er kjekt og som får fram både smil og latter.

Merkedagar og høgtider
Sorg kan komme og avta. Men den første bursdagen (og alle sidan), jula eller andre merkedagar vekkjer fort både minne og kjensler. Mange har god erfaring med å sette fram eit bilete og kanskje tenne eit lys? Gjerne saman med andre i familien. På den måten får ein dele og viser kvarandre at vi framleis bryr oss. Mange finn også god trøyst i å gå til gravstaden. Berre vere der litt. Eller legge på ein blomst på særskilde dagar. Tenne eit lys. Det kjennest godt og naturleg. Før vi går vidare inn i dagen og det vi skal vere saman om.

Ord om sorg og død

Memento mori – hugs at du skal dø ein dag. Alle dei andre skal du leve!

Om ikkje sorga får tid – tek den si tid!

Livsvisdom:       

Kjære Jesus!
 Velsign meg i natt:
om eg vaknar, så er du hos meg!
om eg ikkje vaknar, så er eg hos deg!

 

Barn og sorg

  • Barn er som vaksne - treng sannferdig informasjon
  • Barn er visuelle og konkrete, så unngå abstrakte forklaringar (stjerne på himmelen o.l)
  • Bruk ordet ”død” når det er det de snakkar om. Barn kan bli redde for å sove om me brukar omskrivingar som at ”mamma søv” i staden for ordet død.
  • Hald fast på at døden er endeleg for oss, den som er død kjem ikkje att
  • Barn treng konkrete haldepunkt for si sorg - gravstad, foto o.l
  • Prøv å svare når dei spør, sjølv om dei har spurt om det same før
  • Vis at det er lov å vise følelsar
  • Bruk tid i lag. Det er viktig at ungane ikkje vert overlatne for mykje til andre enn næraste – for å forhindre angst for at også den gjenlevande forelder vil forlate dei
  • Gje trygg informasjon om framtida – at de skal vere saman
  • Ver merksam rundt høgtider/merkedagar. Sette fram eit bilete og tenne eit lys første jula?? Gå ein tur på grava?

Reaksjonar som kan komme hos barn som sørgjer:

  • Angst
  • Redd for å vere åleine
  • Lengsel og sakn
  • Mareritt/søvnproblem
  • Tilbaketrekking/isolasjon/kjensle av å vere trist
  • Sinne/ merksamdskrevjande oppførsel
  • Skulevanskar/ konsentrasjonsvanskar ei tid framover
  • Kroppslege plager (hovudpine, magesmerter, sengeveting)
  • Redd for at andre omsorgspersonar skal bli ramma av det same som den som er død
  • Skifte fort frå sorg til leik og attende att

Sokneprest i Gaular, Frode Skeide

 

Treng du nokon å snakke med, kan du gjerne ta kontakt med prest eller diakon.

Sorggruppe
To gongar i året arrangerer Helse Førde, kyrkjene i Sunnfjord kommune og Sunnfjord kommune sorggrupper leia av fagpersonar. 

Påmelding eller spørsmål:
Berit Ullebust, kreftkoordinator Sunnfjord kommune, mob. 948 24 254
berit.helen.ullebust@sunnfjord.kommune.no

Anita Øvreås Rusken, diakon Kyrkjene i Sunnfjord, mob. 90 06 85 14
anita.rusken@sunnfjordkyrkja,no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"