Skal planleggje tusenårsjubileum

Preses i Den norske kyrkja er oppnemnd som medlem i hovudkomiteen for nasjonaljubileet i 2030. – Ser fram til å bidra, seier preses Fykse Tveit.

Skal planleggje tusenårsjubileum

I 2030 er det nasjonaljubileum: Noreg i tusen år.

Dette året er det tusen år sidan Olav den heilage fall i slaget på Stiklestad, som markerer eit viktig vendepunkt i norsk historie. 

Preses Olav Fykse Tveit er medlem i den nasjonale komiteen som planlegg jubileet. 

– 2030 er eit viktig markering, og eg ser fram til å bidra inn i komiteen for nasjonaljubileet. Eg ynskjer å bidra med ulike innfalsvinklar slik at nasjonaljubileet blir markering med breitt nedslagsfelt. 

Fykse Tveit går inn i ein breitt samansett komite, som vert leia av Stortingspresidenten. Som styremedlem i Noregs kristne råd ser Fykse Tveit fram til å representere breidda i kyrkje-Noreg. 

Preses sit også i hovudkomiteen for markeringa på Moster i 2024, som markerer kristenretten i tusen år. Dette inngår i 'jubileumsstafetten' fram mot nasjonaljubileet. 

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"