Kap. 1 Generelle avgjerder
- 1-1
Ungdommens Kyrkjemøte skal utføre arbeidet sitt i lojalitet mot Den norske kyrkja sitt læregrunnlag, jf. kyrkjeordninga § 37.
- 1-2 Tid og stad for Ungdommens kyrkjemøte
Ungdommens Kyrkjemøte held årlege møte. Tid og stad blir fastsett i samråd med Den norske kyrkja sitt ungdomsutval.
- 1-3 Medlemmer av Ungdommens kyrkjemøte
Kven som møter som delegatar og observatørar på Ungdommens Kyrkjemøte blir regulert av § 4 i Reglar for Ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkje. Delegatar og observatørar som møter på Ungdommens kyrkjemøte må vere medlemmer av Den norske kyrkja, jf. kyrkjeordninga § 40 første ledd.
- 1-4 Møteplikt
Delegatane og representantane med tale- og forslagsrett har frammøteplikt til alle komité og plenumssamlingar. Fråvær i komité eller plenum skal godkjennast av høvesvis komitéleiaren eller dirigentskapet etter skriftleg søknad i forkant av sesjonen, med unntak av akutte hendingar.
- 1-5 Invitasjon av gjestar
Ungdommens kyrkjemøte kan gi gjestar og andre inviterte talerett.
- 1-6 Protokoll
Det blir ført protokoll frå Ungdommens kyrkjemøte som blir sendt alle oppmøtte delegatar og observatørar. Protokoll blir send bispedømmeråd og organisasjonar som er inviterte til Ungdommens kyrkjemøte. Protokollen blir godkjend av Den norske kyrkja sitt ungdomsutval på deira første konstituerande møte.
Kap. 2 Saker til behandling
- 2-1 Melding av saker
Følgjande instansar kan melde saker for behandling av Ungdommens Kyrkjemøte.
- Den norske kyrkjas ungdomsutval
- Kyrkjerådet
- Ungdomsråda i bispedømme
- Organisasjonar som er invitert til å sende delegat til Ungdommens kyrkjemøte
- Ungdommens kyrkjemøte Andre som ønsker å melde saker til behandling, må gjere det gjennom en av de nemnde instansar.
- 2-2 Meldefrist
Saker som blir ønskte behandla må meldast Den norske kyrkjas ungdomsutval senast 14 ukar før møtet. Skriftleg grunngjeving for saka må til same tid meldast til Kyrkjerådets sekretariat. Den norske kyrkjas ungdomsutval kan etter eiga vurdering føye til saker som kjem opp etter nemnde frist.
- 2-3 Førebuing og møteinnkalling
Den norske kyrkjas ungdomsutval fremmar, førebur og tilrettelegg saker som skal behandlast av Ungdommens Kyrkjemøte. Invitasjon til Ungdommens kyrkjemøte sendast seinast 6 månader før møtestart. Saksliste og saksdokument skal sendast dei som er påmelde 4 veker før møtet startar. I særlege tilfelle kan saksdokument ettersendast. Det gjerast greie for saker som er melde til behandling, men som ikkje er sette opp på sakslista. Kyrkjerådet og Den norske kyrkjas ungdomsutval har det praktiske ansvaret for gjennomføring av møtet.
Kap. 3 Opning og konstituering
- 3-1 Opning og registrering
Ungdommens Kyrkjemøtets opning blir gjord av Den norske kyrkjas ungdomsutval sin leiar, som også leier møtet fram til dirigentskapet er valt. Kyrkjerådets sekretariat sørger for registrering av møtedeltakarar.
- 3-2. Dirigentskap
Møtet blir leidd av tre dirigentar med personleg vara. Desse skal fortrinnsvis vere medlemmer av Ungdommens Kyrkjemøtet. Begge kjønn skal vera representert. Dirigentskapet blir valt med alminneleg fleirtal. Kyrkjerådets sekretariat har ansvar for oppteljinga. Dirigentskapet overtar leiinga av møtet så snart valet er avgjort.
Møteleiinga har plikt til å leiga forhandlingane i tråd med dei reglane som til kvar tid gjeld for Ungdommens kyrkjemøte jmf § 36 i kyrkjeordninga og vanleg møteskikk.
- 3-3. Godkjenning av innkalling og saksliste
Dirigentskapet leier godkjenning av innkalling og saksliste og dessutan behandlingsform for møtet. Under konstitueringa kan medlemmer fremme forslag om ekstra saker til behandling, såframt det kan godtgjerast at sakene er førde til av ein kyrkjeleg og/eller samfunnsmessig situasjon som ikkje gjaldt då meldingsfristen for saker gjekk ut. Forslagsstillaren blir gitt høve til ei kort saksorientering med grunngjeving, før Ungdommens Kyrkjemøtet avgjer om saka skal komma til behandling. Minst 2/3 av Ungdommens Kyrkjemøtet må gi si tilslutning til dette. Slike saker skal normalt komitébehandlast på vanleg måte.
- 3-4 Teljekorps
Når møtet begynner, skal det oppnemnast eit teljekorps beståande av 2 representantar frå sekretariatet som under møtet retter seg etter tilvisingar frå møteleiinga.
- 3-5 Valkomité
Ungdommens kyrkjemøte vel ein valkomité som skal førebu valet av Den norske kyrkja sitt ungdomsutval, mellom andre leiar, representantar til Kyrkjemøtet og ny valkomité på det påfølgjande møtet. Valkomiteen består av to valde delegatar frå Ungdommens kyrkjemøte samt eit medlem som oppnemnast av Den norske kyrkjas ungdomsutval. Valkomiteens medlemmar er utestengde frå val til Den norske kyrkjas ungdomsutval og representant frå Ungdommens kyrkjemøte til Kyrkjemøtet påfølgande år. Ungdommens kyrkjemøte fastsett nærmare retningsliner for valkomiteen.
Kap 4 Dagsorden
- 4-1 Dagsorden
Ungdommens Kyrkjemøte arbeider dels gjennom plenumssamlingar og dels gjennom komitear. Ungdommens Kyrkjemøtet fattar vedtak om dagsorden. Forslag om endra dagsorden blir framlagt for og blir sett fram av dirigentskapet. Forslaget om endra dagsorden skal vera grunngitt.
Kap. 5 Komiteane
- 5-1. Komitesammensetting
Sekretariatet i Kyrkjerådet set saman komiteane.
- 5-2 Komiteledelse
Den norske kyrkjes ungdomsutval vel komitéleiar. Leiaren har ansvar for å koordinere arbeidet i komiteen. Komiteane vel saksordførarar til dei enkelte saker.
- 5-3 Komitéens arbeid
Møta til komiteen er lukka. Komiteen vel den arbeidsforma og organiseringa som ein finn mest tenleg, for eksempel skiping av underkomitear. Komiteen kan innhente utsegner. Kvar komité skal ha nødvendig sekretærhjelp.
- 5-4 Innstilling
Saker behandlast vanlegvis minst to gangar i komitéen, og skal resultere i ei kortfatta skriftleg innstilling til Ungdommens Kyrkjemøte. Innstillinga skal innehalde komiteens merknadar for det eller de forslag som framleggas.
I saker der komiteen er delt, har mindretalet rett til å ta inn grunngivinga si og alternative forslag som ein del av innstillinga. Fleirtalet og mindretalet skal ha like lang taletid i plenum. For at ein komité skal vere vedtaksfør, må 2/3 av medlemmane vere til stades
Kap. 6 Plenum
- 6-1 Tidsfristar i plenum
I saker som har vore behandle i en av komiteane, skal innstilling føreligge utdelt før sesjonen begynner.
- 6-2. Behandlingsform
Ungdommens Kyrkjemøte vedtar behandlingsform for dei enkelte saker. Saker skal som hovudregel komme til behandling i minst to åtskilte plenumssamlingar. Innstillinga frå komiteane framleggast i plenum av saksordførar eller eit anna medlem av komiteen.
- 6-3. Endringsforslag
Forslag som ein delegat eller observatør ønsker å få tatt opp til votering, skal gjevast dirigentskapet skriftleg på papir eller ved bruk av elektronisk møtesystem straks etter at det er sett fram, påført forslagsstillars namn. Endringsforslag skal vere fremma i første plenumsbehandling, normalt i starten av debatten. Nye forslag skal som hovudregel ikkje fremmast i seinare plenumsbehandlingar, med mindre det rører eit punkt i forslaget komiteen har til vedtak som er nytt i forhold til første plenumsbehandling.
Kap 7 Om debatten
- 7-1 Innlegg og replikk
Under debatt i plenum tillatast to replikkar og éin svarreplikk i samband med kvart innlegg. Innlegg til dagsorden, forretningsorden, voteringsorden eller for oppklaring av openbart misforståing får ein ved å visa stemmeteikn og seie "til dagsorden", "til forretningsorden", "til voteringsorden" eller "til oppklaring av openbart misforståing". Slike innlegg skal sleppast til utanom talarlistene, og berre omhandla saksbehandlinga, ikkje sjølve saka. I behandlinga av sakene på sakslistene, kan dirigentskapet la representant for komiteen, leiaren i Den norske kyrkjas sitt ungdomsutval og representant frå sekretariatet sleppe til utanom talarlista for å svare på spørsmål eller oppklaring av misforståingar. Forslag i saksspørsmål som ikkje gjeld dagsorden, forretningsorden eller voteringsorden, skal formast skriftleg og leverast dirigentskapet.
- 7-2 Taletid
Dirigentskapet skal, når det er påkravd, regulere taletid og høve til replikk. Når dirigentskapet ønskjer å setje strek, skal ein kunne teikne seg under innlegget til den neste talaren. Forslag om å avbryte ei sak, oppheve at strek er sett eller gå direkte til røysting, skal takast direkte opp til votering. Før dirigenten set strek for ein debatt, må alle forslag som det skal voterast over, vera presentert, og talarlistene skal refererast
- 7-3 Røysteplikt
Delegatar til Ungdommens kyrkjemøte har røysteplikt. Ungdommens kyrkjemøte kan vedta å fråvike dette prinsippet i enkeltsaker. Delegatar frå organisasjonane kan avstå frå røysting der organisasjonen har fatta eit vedtak som gjer at røysting er vanskeleg.
- 7-4 Om røystingar
Før ein går til votering, gjer dirigentskapet greie for voteringsordenen. Dirigentskapet avgjer voteringsordenen i samsvar med god møteskikk, slik at forslag blir tekne opp til votering i logisk rekkjefølgje. Røysting skal gjennomførast ved at det blir vist røysteteikn, ved skriftleg røysting eller ved bruk av elektronisk møtesystem. Det kan berre røystast ved personleg frammøte. Vedtak skal ha alminneleg fleirtal.
- 7-5 Avstemmingar ved personval
Ved personval er den eller dei valt som har fått meir enn halvparten av dei gitte røystene (alminneleg fleirtal). Om ingen eller eit for lågt tal får slikt fleirtal, blir ei ny røysting gjennomført. Om ingen eller eit for lågt tal får slikt fleirtal etter andre røysting, blir nok ei røysting gjennomført. Ved denne er den eller dei valde som har fått flest stemmer (simpelt fleirtal).
Vararepresentantar til Kyrkjemøte veljast i egen valrunde, og veljast ved simpelt fleirtal. Ved val er det møteleiinga som fastsett voteringsorden.
Kap 8 Andre avgjerder
- 8-1 Representantar til Kyrkjemøtet
Ungdommens kyrkjemøte sender fire representantar med tale- og forlagsrett til å delta på Kyrkjemøtet. Representantane veljast blant delegatane til Ungdommens kyrkjemøte etter tilråding frå valkomiteen. Ungdommens kyrkjemøte vel òg vararepresentantar frå Ungdommens kyrkjemøte til Kyrkjemøtet i ei særskilt røysting med simpelt fleirtal.
- 8-2 Endring av forretningsorden
Endringar i denne forretningsorden krev 2/3 fleirtal.
- 8-3 Ferdigstilling av protokoll
Sekretariatet i Kyrkjerådet får fullmakt til å rette skrivefeil og til å gjere redaksjonelle endringar i protokoll frå Ungdommens kyrkjemøte.