Pilegrim i orgelsko

Pilegrim i orgelsko er et nasjonalt prosjekt for orgelspillende barn mellom seks og nitten år.

Pilegrim i orgelsko (PIO) i Oslo har tema folkemusikk, og vi søker no etter deltakarar til dette neste prosjektet. Fire til seks folkemusikarar (instrument og/eller sang) og fire til seks organistar får plass i PIO. Alle i målgruppa, i alderen 6-19 år, er velkomne til å søke. Til akkurat dette PIO-prosjektet oppmodar vi særleg ungdommar i alderen 13-16 år til å vere med.

- Pilegrim i orgelsko (pio) er eit nasjonalt musikkprosjekt for barn og unge, i hovudsak unge som spelar orgel. PIO har som mål at barna får del i den kyrkjemusikalske arven gjennom orgelet, og at dei sjølv får nyskape og sette sitt preg på musikken, seier Hildegunn Opstad Smørgrav, som er rådgivar for kyrkjemusikk i Kyrkjerådet.

- Gjennom prosjektet vil vi utvikle den profesjonelle kompetansen innen opplæring og formidling av orgelmusikk. Eit delmål er å bidra til rekruttering til utdanning og yrkesliv som kantor i Den norske kyrkja, seier ho.

PIO samarbeider med utvalde musikkfestivalar. PIO er initiert av Kyrkjerådet, med støtte frå Norsk kulturråd, Eckbos legat og FUREstiftelsen.

Pilegrim i orgelsko (PIO) er sett saman av i alt seks prosjekt i perioden 2016-2019:

  • PIO I TRONDHEIM, vert arrangert i samarbeid med Olavsfestdagane, 2019
  • PIO I STAVANGER, vert arrangert i samarbeid med Norsk orgelfestival, 2018
  • PIO I OSLO, arrangert i samarbeid med Oslo internasjonale kirkemusikkfestival, 2017/2018
  • PIO I BERGEN, arrangert i samarbeid med Bergen kirkeautunnale, 2017
  • PIO I FREDRIKSTAD, arrangert i samarbeid med Egil Hovland-festivalen, 2016
  • PIO I TRONDHEIM, arrangert i samarbeid med Olavsfestdagane, 2016

Det store orgelet i Nidarosdomen vert nytta ved PIO-samlingarIben Sivertsen Stavrum trakterer orgelet i Nidarosdomen. Her frå Olavsfestdagane 2016. (Foto: Lene Kristin Bråtejorde).

Her ein filmsnutt frå workshopen før konserten under Olavsfestdagane i 2016:


 
Klikk på bilete for å åpne pdf-fil  Klikk på bildet for å åpne pdf-fil