Jubileumsmarkering på Gulatinget

Dei store jubilea i Verdiåret 2024 blir markerte på Gulatinget 23.- 25. august. På programmet er mellom anna jubileumsgudsteneste ved biskop Ragnhild Jepsen.

Jubileumsgudsteneste i Gulen kyrkje søndag 25. august.

Biskop Ragnhild kjem for å halde jubileumsgudstenesta i Gulen kyrkje i Eivindvik 25. august. Dette er siste post i det offisielle programmet for jubileumshelga.

Innhaldsrikt program

Gulatinget 2024 har eit spanande program frå fredag 23. til søndag 25. august. Det blir konferansar, kunstutstilling, konsertar i fleire sjangrar og famileførestiling med Fargespill.

Knapp til program for Gulatinget 2024

Eit av høgdepunkta er festframsyninga "Dei guddomelege søstre" laurdag kveld. Dette er ein samproduksjon mellom Gulatinget og Den Nationale Scene, i samarbeid med Kyrkjekultur Vest AS. Her framfører fire skodespelarar tekstar av m.a. Jon Fosse, til musikk og korsong og med visuell lyssetting på Tingveggen.

Skjermbilete frå gulatinget.no av festførestillinga Dei guddomelege søstre

 

Jubileumsgudsteneste

Alle er velkomne til gudsteneste i Gulen kyrkje i Eivindvik søndag 25. august kl. 11.00. Den vert leia av biskop Ragnhild, og mange fleire deltek. Det blir song av skuleelevar og av Brekke mannskor. Andre medverkande er prost Helge Taranrød, fungerande sokneprest Bjørn Magne Hansen, organist Peter T. Jobbagy, ordførar May-Lynn Osland og den nye soknepresten Håkon Kinsarvik. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi i Gulasalen på kommunehuset.

 

Tingveggen Gulen foto Jens Z. Meyer

Tingveggen i Gulen er sentral under Gulatinget 2024.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"