Student på ny stad?

I desse dagar er det mange som startar ei ny tilvere som student. Då er det viktig med eit godt nettverk og nokon å snakke med.

Mykje er nytt når ein startar studentlivet. Då er det viktig å ha nokon å snakke med. Foto: Marius Vervik

Er du student eller har du nett send ein student heimefrå? Den lokale kyrkja kan hjelpe unge vaksne å få gode nettverk i studenttida.

Usikker på kva kyrkje ein høyrer til?

Bruk søkefeltet nedanfor, og finn ut kva kyrkje eller kyrkjer som er i nærleiken av den nye bustaden! Mange kyrkjer har gode tilbod ein kan ta del i. Ein god måte å kome inn i eit godt miljø, kan og vere å hjelpe til som frivillig i den nye, lokale kyrkja. Berre ta kontakt og sjekk ut!

Studentprestar

I Bergen og på Stord er det eigne studentprestar som er der for alle studentar. Ein treng ikkje vere religiøs for å snakke med studentprestane. Dei snakkar gjerne med alle uansett tru og livssyn, og dei har teieplikt. Ein prest kan vere ein samtalepartner viss ein treng å snakka med nokon om einsemd, studier, relasjonar, Gud, sorg, viktige val eller noko anna ein har på hjartet. 

Studentpresten i Sogndal har for tida permisjon, men studentar er velkomne til å ta direkte kontakt med kyrkja i Sogndal. Den lokale kyrkja har eit godt samarbeid med Saman/HVL, og Saman (studentsamskipnaden), kan også dei henvise vidare til kyrkja om ein tar kontakt der.

Lenger nede på sida finn du kontaktinfo for desse tre studiestadane.

 

Ung kyrkje midt i byen

I Bergen har Den norske kyrkja ei eiga kyrkje for ungdom og unge vaksne, St. Jakob kirke. Her er det mange høve til å treffe studentar og andre i løpet av veka, blant anna på studentlunsj kvar fredag og gudsteneste søndagar kl. 19.00 i skuleåret. Er du ny i byen eller om St. Jakob er ny for deg, har dei laga denne samlesida for deg: Ny i Bergen. Les meir om St. Jakob ved å følge lenka lenger nede på sida.

 

"Velkommen til Bergen"

Laget Region Vest, arrangerer kvart år ei samling for nye studentar i Bergen (og tilsvarande i andre norske byar), kalt Velkommen til Bergen. Her kan studentane bli kjende med kvarandre og med ulike kyrkjer i byen. Ifølge arrangørane er dette eit arrangement der "kirkene og kristne organisasjoner står sammen for å ønske deg velkommen til verdens beste studentby!". I år skjer dette i Salem konferansensenter onsdag 21. august kl. 18.30. St. Jakob er blant kyrkjene ein kan møte om ein kjem dit. Sjå lenke til meir informasjon på Facebook nedanfor.

 

Lukke til med eit nytt semester!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"