Tek du kontakt med det lokale kyrkjekontoret vil du få meir informasjon om dette. Gjer gjerne dette i god tid før konfirmantåret til, slik at ein i fellesskap kan få lagt opp året på ein måte som høver for den einskilde konfirmanten og familien.
Mogelege ordningar i den lokale kyrkjelyden
- Inkludering i det allmenne opplegget, men med støtte frå assistent eller liknande.
- Delvis integrering med assistent, men noko eigen tilrettelagd undervisning (evt. i skuletida)
- Eige, individuelt opplegg (evt. i skuletida)
- Gruppeopplegg for fleire konfirmantar med utviklingshemming.
I Bergen er det i tillegg til opplegga i den lokale kyrkjelyden tilbod om eit eige gruppeopplegg kalla Konf+.
Dette tilrettelagde gruppeopplegget er lokalisert til Åsane kyrkje, men er for heile byen. Det er lagt til skuletida. Meir informasjonen og påmeldingsskjema finn du nedanfor.