Ei kyrkje velsigna med driftige menneske

Biskop Ragnhild Jepsen var på visitas i Bremanger i Nordfjord med sokna Midt-Gulen, Davik, Ålfoten, Rugsund, Berle, Frøya og Bremanger 23.-27. oktober 2024. Her finn du visitasforedraget og opptak av preika.

Ei kyrkje velsigna med driftige menneske


— Eg kjenner meg velsigna etter desse dagane saman med dykk. Og eg ser at de òg er velsigna med driftige menneske som har pågangsmot og som ikkje har gitt opp sjølv om folketal går ned både i kommunen og medlemmer i kyrkja. De er velsigna med sokneråd og bygdefolk som sluttar opp om kyrkja og ynskjer aktivitetar som samlar både unge og eldre.  Det er ikkje alltid at me ser Guds velsigning, det er så lett å sjå seg tilbake til tider med meir folk og meir aktivitet. Likevel: Guds velsigning kviler like mykje over kyrkja i Bremanger i dag.

Biskop Ragnhild Jepsen, Bremanger 27. oktober.

Visitasen starta med møte med heile staben i Bremanger i Svelgen kapell, før biskopen var med til andakt på Svelgen omsorgssenter og bedriftsbesøk på Elkem Svelgen. Der tok verkssjef Arne Werge-Olsen imot biskopens fylgje og orienterte om drifta med produksjon av silisium og at det i alle verdas mobiltelefonar finst silisium frå Svelgen.

Møte med konfirmantar, kommune og skule

Om kvelden møtte biskopen alle konfirmantane i Bremanger i Svelgen kapell til «Grill ein biskop». Der måtte ho svara på spørsmål frå konfirmantane før dei hadde kveldsgudsteneste saman. 

Torsdag møtte biskopen og fylgje Bremanger kommune til orientering om kommunen og samtale om kva kyrkja treng og kva ho kan bidra med, og om forholdet mellom kyrkja og skulen. Møtet vart avslutta med korsong i trappeatriet der kommunetilsette stilte opp på alle avsatsar og song «Mellom bakkar og berg».

Prosti drøftar utfordringar for kyrkja lokalt

I visitasen var det lagt inn eit møte i Davik sokn med alle kyrkjeleg tilsette i Nordfjord prosti for å snakka om «Utfordringar for kyrkja lokalt». Ei av dei lokale utfordringane vart tydeleg for dei frammøtte denne dagen. På grunn av mykje vind vart nemleg ferga innstilt slik at fleire frå dei indre sokna vart forseinka. Trass i noko redusert tid og program vart det eit fruktbart møte der dei ulike fellesrådsområda fekk presentera utfordringar og løysingar i arbeidet. Noko av det det vart fortald om var forsøk med nye gudstenesteformer retta mot familiar i Svelgen,  korleis det er å vera til stades på landsbylaurdag på Sandane, om staben i Stryn sin studietur til Assisi i Italia for å bygga eit fellesskap som er nær Gud, andakts-team med tilsette og frivillige i Stad og damekveld i Nord-Vågsøy med forteljingar og samtale.

Skulemusikken speler i Davik kyrkje

Gudsteneneste med Davik musikklag og Smalsarhorn skulemusikk i Davik kyrkje.

Skulegudsteneste

Fredag starta med skulegudsteneste i gamle Ålfoten kyrkje frå 1600-talet der heile skulen, 19 elevar, song i skulekoret.

Skulegudstjeneste i Ålfoten kyrkje

Skulegudsteneste i Ålfoten kyrkje.


Ein besøkte deretter Rugsund kyrkje. Kyrkja er vakkert dekorert med treskurd og glasmåleri, men har råteskader i tårnet.

Samrådingsmøte

Biskopen møtte alle sokneråda i Bremanger til samrådingsmøte med samtale om strategi ut frå visitasmeldinga. Prost Mari Saltkjel leia møtet, og blant mange aktuelle tema, vart det snakka om det å sjå kyrkja i Bremanger under eitt og snakka om «vi i kyrkja i Bremanger» meir enn om berre sokn eller om indre og ytre Bremanger.

Song- og musikkveld i Frøya kyrkje

Fredag kveld var det ein godt besøkt song- og musikkveld i Frøya kyrkje med barnekor, koret frå musikkspelet «Bella, Solla og Per» og fleire vokale og musikale bidrag.

Laurdagen var førebuingsdag for biskopen, men ho fekk og tid til ein tur til den gamle kyrkjegarden på Grotle og til Berle kyrkje, i det minste soknet med berre 61 medlemer. Der hadde 15 møtt fram for å møta biskopen i kyrkja til lunsj med orientering om soknet.

Visitasgudsteneste og visitasforedrag

Søndag 27. oktober var det visitasgudsteneste i Bremanger kyrkje med flott song av Bremanger kammerkor.

Visitasforedraget ho heldt på Hauge bedehus like etterpå kan du lese og høyre nedanfor.

Her er opptak av preika under visitasgudstenesta:

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"